• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    14.12.2020
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3297873
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 25.11.2020
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Vernepleiar i 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Me har ledig eit 100% vikariat for vernepleiar frå februar 2021 til februar 2022. Turnusarbeid kvar 4. helg og langvakter på 13 timar lørdag og søndag.

 

Om arbeidsplassen

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gjeve som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

 

Bjørkhaugen bufellesskap ligg sentralt i Knarvik, og er heimen til 6 personar med ulik grad av funksjonshemming.

 

Arbeidsoppgåver

  • Primærkontaktoppgåver
  • Yte tenester i form av hjelp og rettleiing til bebuarane, etter vedtak
  • Rettleiing og opplæring av kollegaer og studentar
  • Oppgåver delegert frå leiar
  • Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar
  • Fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene, -  igangsetting, oppfølging og evaluering av tiltak
  • Pårørandesamarbeid
  • Sikre samarbeid mellom brukar og andre instansar

Kompetansekrav

  • Vernepleiar med autorisasjon
  • God norsk munnleg og skriftlig framstillingsevne
  • Gode datakunnskapar
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å takle ande personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
  • Du har evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til bebuarar og kollegaer

Vi tilbyr

  • Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk
  • Gode pensjonsordningar
  • Meiningsfulle oppgåver og godt arbeidsmiljø

 

Politiattest

I tråd med helse og- omsorgstenestelova §5-4 vert det stillt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    14.12.2020
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3297873
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 25.11.2020