Company
Alver kommuneApplication deadline
27.09.2022Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4693097Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 14.09.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
Vernepleiar i 100% fast tilsetjing
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Me har no ledig ei 100% stilling, for tida i døgnturnus, med arbeid kvar 4. helg. Me søkjer vernepleiarar med erfaring frå arbeid med barn og unge.
Om Habiliteringstenester Alver kommune
Habiliteringstjenester i Alver kommune gir tjenester til personer med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gitt som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Om Avlastningsavdelinga
Under avlastingsavdelinga er det for tida 3 bustader der ein gjev hjelp til barn/unge med åtferdsutfordringar. Avlasting vert gitt på bakgrunn av vedtak, ein vil difor som regel treffe ulike born/unge i løpet av ein turnusperiode. Som tilsett i avlastingsavdelinga vil du kunne rullere mellom desse bustadene. Det er stort sett 1:1 bemanning.
Arbeidsoppgåver
- Sjå barna/ungdommen og deira behov
- Reguleringsstøttende samhandling, byggje sjølvkjensle og sjølvstende.
- Vera fysisk aktiv og gjere meiningsfulle aktivitetar med barna/ungdommen.
- Bidra til fagleg utvikling
- Delta på samarbeidsmøter rundt den enkelte barn/ungdom.
- Dagleg tilrettelegging og planlegging av tenesteytinga
- Bidra til at daglege praktiske oppgåver vert gjennomført
- Dokumentasjon av tenesteytinga, i Profil
Kompetansekrav
- Offentleg godkjend vernepleiar
- Erfaring frå born og unge
- Førarkort Klasse B
- God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
Ønskt kompetanse
- Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming, psykiske lidingar, ADHD og utfordrande åtferd.
- Evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til barna/ungdommen og kollegaer
- Kjennskap til Lov om kommunale helse og omsorgstenester, kap. 9
Personlege eigenskapar
- Du er ein tydeleg og trygg vaksen, men har evne til å leike!
- Du er aktiv og kreativ når det gjeld å motivere, men også rolig og tolmodig når situasjonen krev dette.
- Du er interessert i å «gjere ein forskjell» når du er på jobb.
- Du er opptatt av refleksjon omkring tenesteytinga og lojalitet knytt til felles retningsliner.
- Du har god fysisk og psykisk helsetilstand
- Du er fleksibel
Vi tilbyr
- Løn etter tariffavtale
- Pensjonsordning via KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Company
Alver kommuneApplication deadline
27.09.2022Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4693097Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 14.09.2022