Company
Alver kommuneApplication deadline
08.08.2022Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4639284Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 10.06.2022
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
Vernepleiar i 100% fast stilling med langvakter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Bjørkhaugen bufellesskap har ledig ein 100% fast stilling som vernepleiar. Frå 06.12.2022 vil turnus for denne stillinga bli laga som langvakter med 12,5t vakter. Arbeid er kvar 4. helg og det er regelmessige lengre friperiodar.
Om Habiliteringstenester i Alver kommune
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gjeve som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Om Bjørkhaugen bufellesskap
Bjørkhaugen bufellesskap i Knarvik, er bustaden til 6 personar med nedsett funksjonsevne, utviklingshemming, somatiske utfordringar, aldring og epilepsi. Målet er å skape tryggleik, gi tenester av høg fagleg og etisk kvalitet, og gi personane gode opplevingar.
Bjørkhaugen skal gradvis vidareutviklast til å vere ein god heim for personar med omfattande behov for omsorg og pleie, og vi satsar difor på kompetanseheving i form av opplæring, vidareutdanning og nyrekruttering. Til dette treng me fleire dyktige, engasjerte og innovative vernepleiarar. Ambisjonane er å vere blant dei beste på tenester til personar i målgruppa.
Arbeidsoppgåver
Vernepleiarar ved Bjørkhaugen bufellesskap skal delta i tenesteytinga, og vere drivarar for kvalitetsutvikling og kontinuerleg forbetring av tenestene. Dei har ansvar for oppfølging av helsetenester og miljøtiltak, samt godt samarbeid med pårørande/verje. Ei sentral oppgåve vil vere utvikling/oppdatering av mål, planar og tiltak, og opplæring og rettleiing av kollegaer
Kompetansekrav
- Autorisasjon som vernepleiar
- Erfaring frå systematisk og målretta vernepleiefagleg arbeid
- God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
- Førarkort klasse B
Kven er du?
- Du har gode datakunnskaper
- Du har god fysisk og psykisk helse
- Du har engasjement for faget og brukargruppa
- Du har empati og evne til å sjå den einskilde brukar
- Du er god til å prioritere i ein travel kvardag
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø
- Du er engasjert og fleksibel
Det er eit føremon om du har erfaring frå brukargruppa.
Vi tilbyr
- God pensjonsordning
- Personleg og fagleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø
Politiattest
I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattest ved tiltredelse.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
|
Company
Alver kommuneApplication deadline
08.08.2022Form of employment
workTime.Skift/turnusIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4639284Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 10.06.2022