• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4639284
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Vernepleiar i 100% fast stilling med langvakter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Bjørkhaugen bufellesskap har ledig ein 100% fast stilling som vernepleiar. Frå 06.12.2022 vil turnus for denne stillinga bli laga som langvakter med 12,5t vakter. Arbeid er kvar 4. helg og det er regelmessige lengre friperiodar. 

Om Habiliteringstenester i Alver kommune

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gjeve som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

Om Bjørkhaugen bufellesskap 

Bjørkhaugen bufellesskap i Knarvik, er bustaden til 6 personar med nedsett funksjonsevne, utviklingshemming, somatiske utfordringar, aldring og epilepsi. Målet er å skape tryggleik, gi tenester av høg fagleg og etisk kvalitet, og gi personane gode opplevingar. 

Bjørkhaugen skal gradvis vidareutviklast til å vere ein god heim for personar med omfattande behov for omsorg og pleie, og vi satsar difor på kompetanseheving i form av opplæring, vidareutdanning og nyrekruttering. Til dette treng me fleire dyktige, engasjerte og innovative vernepleiarar.  Ambisjonane er å vere blant dei beste på tenester til personar i målgruppa.

Arbeidsoppgåver

Vernepleiarar ved Bjørkhaugen bufellesskap skal delta i tenesteytinga, og vere drivarar for kvalitetsutvikling og kontinuerleg forbetring av tenestene. Dei har ansvar for oppfølging av helsetenester og miljøtiltak, samt godt samarbeid med pårørande/verje. Ei sentral oppgåve vil vere utvikling/oppdatering av mål, planar og tiltak, og opplæring og rettleiing av kollegaer

Kompetansekrav

  • Autorisasjon som vernepleiar
  • Erfaring frå systematisk og målretta vernepleiefagleg arbeid
  • God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Førarkort klasse B

Kven er du?

  • Du har gode datakunnskaper
  • Du har god fysisk og psykisk helse
  • Du har engasjement for faget og brukargruppa
  • Du har empati og evne til å sjå den einskilde brukar
  • Du er god til å prioritere i ein travel kvardag
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø
  • Du er engasjert og fleksibel

Det er eit føremon om du har erfaring frå brukargruppa.  

Vi tilbyr

  • God pensjonsordning
  • Personleg og fagleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø

Politiattest

I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattest ved tiltredelse.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

Bli kjent med Alver kommune

 

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    08.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4639284
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.06.2022