Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
11.05.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6177342Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Vernepleiar eller sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med krevjande omsorgsoppgåver. Vi søker deg som vil vere med på å gjere ein forskjell i barn og unge sine liv. Delar av stillinga er eller kan vere i heim.
Vi har no ledig 2 faste 100 % stillingar som
- vernepleiar/sjukepleiar
Hos oss handlar kvar dag om å skape gode og trygge rammer for barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar. Vi ser etter deg med eit stort hjarte som ynskjer å nytte din fagkompetanse til å gjere ein skilnad. Vi legg opp dagane i samråd med føresette, barn, unge og samarbeidspartar etter barna sine ynskjer, interesser og behov.
Her får du vere med på alt frå klatring, sykling, bading, ski, trampolinepark og fotball, til rolege aktivitetar som brettspel, teikning og kos inne - alltid med fokus på meistring, tryggleik og glede.
Tredelt turnus med arbeid tredje kvar helg, eller langvakter 12,5 t. fjerde kvar helg om ynskjeleg.
Du vil jobbe tett med føresette, skule, barnehage, spesialisthelsetenesta og andre som yt tenester til barn og unge for å sikre eit heilskapleg tilbod.
Arbeidsoppgåver:
- legemiddelhandtering
- skadeavverging i nødsituasjonar kan vere aktuelt
- skape trygge og forutsigbare dagar gjennom tydeleg struktur og varme relasjonar
- legge til rette for og gjennomføre meininsfulle aktivitetar tilpassa ynskjer og funksjonsnivå
- samarbeide med interne og eksterne fagpersonar for kontinuerleg habilitering
- følgje opp og dokumentere tiltak og framgang
- journalføring i fagprogrammet Cosdoc
- organisering, planlegging og gjennomføring av fysisk aktivitet
- matlaging og anna husarbeid
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
- meistre godt norsk munnleg og skriftleg
- er sjølvstendig, men kan samarbeide
- trygg, raus og tydeleg i møte med barn, unge, føresette og kollegaer
- engasjement for barn og unge med samansette behov
- tole at alt ikkje alltid går etter planen
- førarkort kl. B
Vi søker deg som:
- er tålmodig og har eit ynskje om å jobbe med barn
- bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og deler fagkunnskap med kollegaer
Vi tilbyr:
- ein meininsfull kvardag der du verkeleg kan gjere ein skilnad
- eit inkluderande, fagleg sterkt og støttande arbeidsmiljø
- varierte dagar med mykje aktivitet og glede
- gode pensjons og forsikringsordningar
Gyldig politiattest må leverast før oppstart i stilling.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
11.05.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6177342Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
-
Helsefagarbeidar, sjukepleiar -/vernepleiarstudent fast 15% - 20 %
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Sjukepleiar og vernepleiar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Avdelingsleiar i heimetenesta i Askvoll kommune - 100% fast stilling
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Engasjement som fritidskontakt/støttekontakt ved Miljøterapitenesta 2025
Gol kommune
GOL