Company
Ål KommuneApplication deadline
15.06.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6233100Look here for other jobs from Ål Kommune
Ål Kommune
Vernepleiar
Offentlig forvaltning
Du ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar til kunnskapsbasert praksis og bidra til utvikling av arbeidsplassen din.
Miljøterapitenesta tilbyr tilrettelagde heimetenester til personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Dette omfattar heildøgnstenester, avlastningstiltak, dagtilbod, praktisk bistand, opplæring og støtte til pårørande.
Ledige stillingar
Avdeling 1 og avdeling 2 har ledige stillingar som vernepleiar – inntil 100 % i turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi har både faste og mellombels stillingar ledig.
Arbeidsoppgåver
Hjå oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du:
- Gir heilskapleg og individuell oppfølging til menneske i alderen 5–70 år.
- Blir ein viktig del av eit fagleg sterkt og engasjert team.
- Arbeider med målretta miljøarbeid og livsmeistring i fokus.
- Bidreg til brukarmedverknad, livsglede og utvikling.
- Følgjer opp helse- og omsorgslova kapittel 9.
- Tek del i tverrfagleg samarbeid med skule, barnehage, PPT, KE og andre instansar.
- Samarbeidar med pårørande.
- Handterer legemiddel og held oversikt over dokumentasjon og rutinar.
- Rapporterer i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk og aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester.
- Er ein aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper, samt rettleie studentar, elevar og medarbeidarar.
Kvalifikasjonar
- Har norsk autorisasjon som vernepleiar.
- Har førarkort klasse B.
- Meistrar norsk godt – både munnleg og skriftleg (minimum nivå B2).
- Har evne og vilje til å vere i fysisk aktivitet.
Det som kjenneteiknar deg er at du
- Har brukarfokus.
- Er raus, fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytetenking.
- Prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å skape tillit.
- Likar å jobbe i team så vel som sjølvstendig.
- Har evne til å ta imot rettleiing.
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Me tilbyr
- Spennande, varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
- Trygge og dyktige kollegaer som løftar kvarandre.
- Turnusordning med dag-/kveldsvakter og arbeid kvar 3. helg – eller langvakter på 9–14 timar med lengre friperiodar.
- Moglegheit for fagleg utvikling gjennom kurs, vidareutdanning og rettleiing.
- Rabattert treningssenter – ta vare på deg sjølv, også!
- Løn etter tariff og gode pensjonsordningar gjennom KLP.
- Rekrutterings- og behaldingstillegg for vernepleiarar i turnus.
Søknad og politiattest
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar.
- Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Flytte til Ål?
Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ynskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
Vil du bli ein del av laget vårt?
Då håper vi du sender inn ein søknad! Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt.
Vi gler oss til å høyre frå deg – velkomen som søkjar!
Company
Ål KommuneApplication deadline
15.06.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
3570, ÅL
ÅL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6233100Look here for other jobs from Ål Kommune
-
Generell søknad - Ål kommune
Ål Kommune
ÅL -
Sjukepleiar 80% vikariat
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Generell Søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren
Ål Kommune
ÅL -
Sjukepleiar i heimetenesta - hhv 70% på natt og 70% i 2 delt turnus - faste stillingar - Utvida søknadsfrist
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Sjukepleiar/vernepleiar 100% fast stilling, Blombakkane bustader
Øygarden kommune
STRAUME