Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Vestnes kommune

Vernepleiar - 100 % fast stilling - Kariplassen C

Offentlig forvaltning

Vi søkjer etter vernepleiar til ledig 100 % stilling ved bueining Kariplassen C. 

Arbeidstid
Det er langturnus der ein er på arbeid i to eller tre døgn sammenhengende. Ein arbeidar kvar 4.helg.  Det er lagt inn tilsaman ti timar pause / kviletid i arbeidstida per døgn. Arbeidet er organisert i team der ein er tre tilsette på jobb til ei kvar tid. Sammensetjinga av dei ulike teama er rullerende ut i frå turnusplan. 

Av omsyn til brukar sin situasjon og arbeidet sin eigenart vil berre mannlege søkjarar bli vurdert.

Arbeidsstad
Kariplassen C ligg i nærleiken av Vestnes sentrum.  Bu-og habiliteringstenestene yt tenester til personar i ulik alder og funksjonsnivå. Tjenesten ytes i heimen til den enkelte og er individuelt tilrettelagt.

Arbeidsoppgåver
- nødvendig oppfølging i dagleglivet. Bidra til fagleg arbeid ved eininga og i tenestemotakaren sitt liv
- observere, registrere og kartlegge . Dersom det er nødvendig med bruk av tvang, har du ansvar for saksutgreiing, gjennomføring og evaluering av tiltak
- medikamenthåndtering (dersom helsepersonell)
- gi opplæring til kollega i høve Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 og andre faglege tema
- utarbeiding av rutiner i tråd med aktuelt lovverk, miljøreglar og oppfølging av desse
- ivareta krav i høve dokumentasjon

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar som er utdanna vernepleiar.

For stillinga legg vi og vekt på følgjande eigenskapar og innstilling til arbeidet:
- god kunnskap om psykisk utviklingshemming
- kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga, særskilt Helse- og omsorgstenestelova kap.9
- ferdigheter innan målretta miljøarbeid og individuell tilrettlegging
- ønskeleg med kompetanse i handteringog førebygging av utfordrande atferd
- rettleiingskompetanse
- ha gode kommunikasjonsevne
- ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med autismeproblematikk
- datakunnskap
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- du må ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar
- fagleg engasjert
- er stabil og fleksibel
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- evne til å skape "det gode liv" for tenestemotakaren

Vi tilbyr
- allsidige utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting krev vi politiattest og den skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
 
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
 
Referanse
Oppgi referansar.
 
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli vurdert.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV  i søknadsskjemaet.  Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
 
Søkjarlista kan bli offentliggjort.