• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    27.11.2022
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4881114
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 18.11.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Vernepleiar 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig ei 100 % fast stilling ved Grønland bustader frå desember 2022. Stillinga er for tida i døgnturnus (2/7/2/7/3/7),  med arbeidsperioder på 2 døgn i vekene og 3 døgn kvar fjerde helg.

Om Habliteringstenester i Alver 

Habiliteringstenester er eit tenesteområde i Alver kommune, som yter tenester til mennesker som treng rettleiing, hjelp, opplæring og helsehjelp for at dei skal oppleve meistring og god livskvalitet.

Om Grønland bustader 

Grønland bustader er heimen til fire personar med ulikt bistandsbehov. Målet er å gje tenester av høg fagleg kvalitet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Stillinga er i stor grad knytt opp mot ein tenestemottakar,  men man må rekne med å bistå og samarbeide med resten av bustaden.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg tilrettelegging og planlegging av tenesteytinga
  • Dokumentasjon i Profil
  • Fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene, -  igangsetting, oppfølging og evaluering av tiltak
  • Delta på samarbeidsmøter og teammøter
  • Legemiddelhåndtering
  • Tilretteleggje for meiningsfulle aktivitetar med tenestemottaker
  • Bidra til at daglege praktiske oppgåver vert gjennomført
  • Rettleiing og opplæring av kollegaer og studentar
  • Tilretteleggje for eit godt samarbeid med pårørande.
  • Andre oppgåver delegert frå avdelingsleiar

Kompetansekrav 

  • Autorisasjon som vernepleiar

  • Erfaring frå tenesteyting til personar med nedsett funksjonsevne og utfordrande atferd
  • Kjennskap til Lov om kommunale helse og omsorgstenester, kap. 9
  • God norsk skriftlig og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B
  • Gode datakunnskap

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement for brukargruppa

  •  

    Du har evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til bebuarar og kollegaer
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du er ansvarsbevisst, løysningsorientert og pålitelig
  • Du har evne til å jobbe sjølvstendig, samt i team
  • Du er lojal mot beslutningar og tiltak
  • Du er etisk reflektert
  • Du likar utfordringar
  • Du kan gje og ta i mot rettleing, samt ha evne til refleksjon rundt eigen arbeidsmetode
  • Du er trygg på deg sjølv og kunne setje grensar
  • God fysisk og psykisk helse

Personlege eigenskapar vert vektlagt, samt korleis ein utfylle personalgruppa. Menn oppmodast til å søkje

 

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • God pensjonsordning
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Tiltreding etter avtale

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.  

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    27.11.2022
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4881114
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 18.11.2022