Ledig stilling

Innlandet fylkeskommune

Valdres vidaregåande skule - Undervisningsstilling i matematikk (vikariat)

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Beskrivelse

Valdres vidaregåande skule har ledig inntil 50% vikariat i matematikk frå ca 1. januar 2026

Vi søkjer deg som

  • set eleven i sentrum  
  • er dyktig til å legge til rette for god læring for alle elevar 
  • meistrar mange ulike undervisningsmetodar 
  • er engasjert og trygg i undervisningsfaga 
  • ser på vurdering som ein integrert del av undervisninga 
  • sikrar læringsprogresjon for alle elevar 
  • har gode evner innan relasjonsbygging og samarbeid 
  • verdset samarbeid om fag og undervisning 
  • ynskjer å arbeide med ungdom 
  • er utviklingsorientert 
  • kan ordlegge deg godt, både skriftleg og munnleg 

Vi tilbyr

  • eit hyggeleg og utviklande miljø med gode kolleager 
  • ein arbeidsfellesskap som er opptatt av elevane si læring 
  • felles og forpliktande profesjonsutvikling  
  • fagseksjonar som er opptatt av utvikling i fag og av god undervisning 
  • gode lokale 
  • løn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • inntil 50% vikariat i matematikk frå 01.01.2026-31.07.2026
  • undervisning på ulike utdanningsprogram, primært yrkesfaglege

Arbeidsoppgåver

  • stillinga omfattar undervisning i matematikk på yrkesfaglege utdanningsprogram

Kvalifikasjonskrav

  • relevant utdanning i tråd med lovverk
  • 60 studiepoeng innan matematiske fag
  • relevant arbeidserfaring og realkompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning

Ønskte kvalifikasjoner

  • relevant praksis frå skule og/eller arbeidsliv  
  • kunnskap om gjeldande læreplanverk og kva tyding dette har for undervisning 

 

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.