• Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    28.11.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5954257
  • Look here for other jobs from Aukra kommune
Vacancy

Aukra kommune

Vaktmeister/ arbeidsleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved Eining for tekniske tenester er det ledig ei 100 % stilling som vaktmeister og arbeidsleiar. Stillinga er ein del av bygge- og eigedomsteamet i eininga, som består av prosjekt- og driftsleiarar, reinhaldarar og vaktmeistrar.

Eining for tekniske tenester har ansvar for drift og vedlikehald av kommunen sine bygg.  Vi har om lag 70 utleige- og omsorgsbustader, og etter kvart mange nye, avanserte formålsbygg. Vi søker etter ein person som vil vere med å bidra til at desse bygga vert gode å bu og arbeide i.

Hovudoppgåver

  • Drift og vedlikehald av kommunale bygg
  • Dagleg drift av byggtekniske anlegg
  • Deltaking og dagleg koordinering av vaktmeisteroppgåver, og bidra til at avdelinga nyttar ressursar best mogleg
  • Delta i utarbeiding av drifts- og vedlikehaldsplanar for bygg
  • Ansvar for mindre prosjekt og ombyggingar, og vere kontaktperson mot underentreprenørar
  • Innkjøp og fakturahandtering
  • Arbeide i samsvar med system for driftsrutinar, og ivareta HMS i eininga

Ønska kvalifikasjonar

  • Fagbrev eller anna teoretisk/praktisk bakgrunn frå fagområda
  • Du må vere ansvarsbevisst og løysningsorientert
  • Evne til å leie og arbeide godt i team, men også sjølvstendig
  • Må beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Krav om førarkort for bil.  Førarkort for andre klassar er og positivt
  • Erfaring i og interesse for bygg-automasjon, og styringssystem er ønskeleg
  • Generell ikt-kompetanse og erfaring i bruk av dataverktøy er ønskeleg

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, da stillinga medfører dagleg ansvar for oppfølging/koordinering i samarbeid med brukarar og tilsette på bygga.

Vi tilbyr

  • Kommunale tilsetjingsvilkår og lønn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid med kjernetid/fleksibel tid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Flyttegodtgjersle etter lokalt reglement
  • Kommunen har fond til etter- og vidareutdanning
  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer

Kommunen har nynorsk som målform.
Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"


Søknadsfrist er 28. november

Kontaktpersonar: Teknisk sjef Gerd Nerbø, tlf. 97181669 eller prosjektleiar Ingvald Hjelmås tlf 47380290

 

 

  • Company
    Aukra kommune
  • Application deadline
    28.11.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5954257
  • Look here for other jobs from Aukra kommune