Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
02.04.2026Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6559976Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Sogndal kommune
Vaksenleiar, dans utan grenser (80%)
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Brenn du for dans og for ungdom? Då er dette draumestillinga for deg. Sogndal kommune har eit dansetilbod for barn og ungdom: Dans uten grenser.
Dans utan grenser er organisert i form av danseverkstadar i Sogndal, Leikanger og Balestrand. Danseverkstadane er styrt etter prinsippet om ung-til-ung formidling. Dei eldste og mest erfarne av dansarane – ungdomsleiarane – lærer opp dei yngre dansarane.
Danseverkstadane i Sogndal søker no ein ny vaksenleiar som kan vere med og støtta ungdomsleiarane og aktiviteten i danseverkstadane.
Arbeidsoppgåver som ligg til vaksenleiarane er mellom anna:
Følgje opp ungdomsleiarane og aktiviteten i danseverkstadane
Bistå ungdommane med praktiske ting knytt til danseverkstadane sin aktivitet
Bidra til at danseverkstadane får ei god utvikling
Vere kommunen sin kontaktperson inn til danseverkstadane
Relasjonsarbeid i lag med ungdommane
Organisere samarbeid med Dans Utan Grenser AS
Handtere innbetaling av brukarbetaling for danseverkstadane
Stillinga er ein del av ungdomsavdelinga i Sogndal kommune.
Som tilsett i ungdomsavdelinga blir du ein del av eit fagleg fellesskap der vi jobba for å skape trygge og inkluderande møteplassar der ungdom kan utfalde seg, utvikle seg, og bygge relasjonar med andre.
I ungdomsavdelinga vil du få arbeide i lag med mellom anna ungdomsarbeidarar, utekontakt, ungdomslos, fritidskoordinator, ungdomskoordinator om å legge til rette for gode, trygge og inkluderande oppvekstvilkår for ungdom i kommunen vår.
Kvalifikasjonar
Er interessert i og har erfaring med kunst, kultur og kreativitet, spesielt dans
Erfaring med ungdomsarbeid/miljøarbeid er ein fordel
Utdanning innan t.d. sosialt arbeid, lærar/oppvekstfag eller barnevern er ein fordel, men ikkje eit krav
Gode kommunikasjonsevner, og evne til å bygge gode relasjonar med ungdommar
Fleksibel og kan tilpasse seg ulike situasjonar og behov
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Kreativ
Sjølvstendig og initiativrik
Fleksibel og løysingsorientert
Evner å planleggje og styre din eigen arbeidsdag på ein produktiv måte
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Me tilbyr
Ein spennande og meiningsfull jobb med ungdommar
Moglegheit til å vere med å forme ungdomsarbeidet i Sogndal kommune
Ein triveleg arbeidsplass i kreative omgjevnader der du får vere med på å utvikle eit viktig tilbod for ungdom i Sogndal
Løn etter avtale
Sogndal kommune ønskjer eit mangfald i organisasjonen som speglar befolkninga i kommunen. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som går fram av lov og avtaleverk. For stillingar i Sogndal kommune gjeld seks månaders prøvetid.
Me gjer merksam på at søkjarar kan bli oppførte på offentleg søkarliste sjølv om dei ber om å bli unnatekne. Dersom ønskje om unntak ikkje blir teke til følgje, vil du bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
02.04.2026Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6559976Se här för andra jobb från Sogndal kommune
-
Rocket-Man søkjer aktivitetsguidar
Sogndal kommune
Sogndal -
Lærarar på barne- og ungdomstrinnet + fagarbeidar/assistent, Sagatun skule
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sommarvikarar teknisk drift
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sjukepleiarar / vernepleiarar: Vil du bruke faget ditt der det verkeleg tel?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Helsefagarbeidar, Prestahagen
Sogndal kommune
SOGNDAL