Company
Sogndal kommuneApplication deadline
03.08.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6286410Look here for other jobs from Sogndal kommune
Sogndal kommune
VA ingeniør
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Spennande moglegheit for VA-ingeniørar!
Sogndal kommune søkjer etter ein ny VA-ingeniør.
Enten du er nyutdanna eller har litt erfaring, er du hjarteleg velkomen til å bli med og utvikle framtidas vatn- og avløpsløysingar her hjå oss.
Kva går jobben ut på?
Som VA-ingeniør hos oss får du vere med på å:
Planleggje og prosjektere nye vass- og avløpsanlegg
Følgje opp tiltak i felt – alt frå kartlegging og måling til tilsyn
Bidra i tverrfagleg samarbeid med andre kommunale einingar og eksterne aktørar
Jobbe med utvikling og vedlikehald av kommunens VA-system
Vi har varierte prosjekt både i tettstadene og i spreidd busetnad – så du får sett mykje, lært mykje og blitt godt kjent med både kommunen og med folka.
Kvifor søke hjå oss?
God opplæring og fagleg støtte: Du får støtte og hjelp frå gode kollegaer heilt frå starten av.
Variert kvardag: Du vekslar mellom kontor, møter og arbeid ute i felt.
Utviklingsmoglegheiter: Vi støttar kurs, etter- og vidareutdanning, og gir deg rom for å utvikle deg i retningane du brenn for – om det er prosjektleiing, teknologi eller samfunnsplanlegging. På sikt er det og moglegheiter for å gå inn i leiarstilling.
Arbeidsglede: Vi har eit uhøgtideleg og inkluderande arbeidsmiljø, med plass til både triveleg prat ved kaffimaskina og solide fagdiskusjonar.
Kven er du?
Du har utdanning som ingeniør innan VA, bygg, miljø eller tilsvarande (vi vurderer også søkjarar som er i sluttfasen av utdanninga)
Du er nysgjerrig, lærevillig og likar å jobbe både sjølvstendig og i lag med andre
Har du erfaring frå VA-feltet – enten frå praksis, bacheloroppgåve eller jobb – er det flott, men ikkje eit krav
Søk då vel!
Dette er ei god moglegheit for deg som vil vere med å sikre ei berekraftig framtid med trygt drikkevatn, gode avløpsløysingar og ein kommune i stadig utvikling.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
03.08.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6286410Look here for other jobs from Sogndal kommune