Company
Øygarden kommuneApplication deadline
27.04.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6594023Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Ungdomslos 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Familiehjelpa arbeider for å fremje god psykisk helse, meistring og deltaking blant barn og unge i kommunen. Tenesta tilbyr oppfølging, rettleiing og tiltak til barn, ungdom og familiar som treng støtte i kvardagen.
Vi samarbeider tett med skular, helsestasjon, barnevern, NAV og andre kommunale tenester for å sikre heilskapleg oppfølging. Målet er å bidra til tidleg innsats og gode utviklingsmoglegheiter for ungdom. Som ungdomslos vil du arbeide tett på ungdom i kvardagen og vere ein viktig støttespelar for å fremje meistring, skulegang og deltaking i fritid og samfunn.
Arbeidsoppgåver:- Individuell oppfølging av ungdom
- Samarbeid med skule, føresette og aktuelle samarbeidspartnarar
- Bidra til at ungdom meistrar skule, fritid og sosiale arenaer
- Kartlegging, rettleiing og praktisk oppfølging av ungdom
- Delta i tverrfagleg samarbeid kring ungdom og familiar
- Utekontakt – noko ettermiddagsarbeid må påreknast
- Helse eller sosialfagleg bachelorgrad, anna relevant bachelorgrad kan vurderast
- Førarkort klasse B
- Erfaring frå arbeid i kommunale tenester
- Erfaring med oppfølging av ungdom og familiar
- Erfaring frå arbeid i kommunale tenester og tverrfagleg samhandling
- Gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit hos ungdom
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide tverrfagleg
- Fleksibel og løysingsorientert
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Stillinga er eit 100 % vikariat i 1 år, med oppstart 01.05.
Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. Dokumentasjonen skal lastast opp i søkjarportalen innan søknadsfrist.
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Einingsleiar Annette Henden 977 06 783
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter søknadsfrist vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan vurderast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar etter regelverk, dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom ynskje ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
27.04.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6594023Look here for other jobs from Øygarden kommune
-
Vernepleiar/ sjukepleiar 100 % vikariat
Øygarden kommune
RONG -
Ledig fast 60% nattevaktstilling
Øygarden kommune
STRAUME -
100 % fast stilling Vernepleiar / sjukepleiar - Pollhaugen
Øygarden kommune
Straume -
Vikariat 100 % Vernepleiar / Sjukepleiar Pollhaugen bu-tiltak
Øygarden kommune
Straume -
Avdelingsleiar 100% vikariat
Øygarden kommune
Steinsland