Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
10.03.2024Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5562112Se här för andra jobb från Ål Kommune
- Uppdaterad 08.03.2024
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Ål Kommune
Aktivitetsmedarbeidar
Offentlig forvaltning
Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar i 30 % stilling som ungdomsarbeider i Ål ungdomsfrivilligsentral. Vi søkjer deg som trivst saman med barn og ungdom. Du likar å ta ein prat, le, og ikkje minst ta dei på alvor og lytte på det dei har å seie. Du er reflektert, til stades og god til å rettleie ungdom i kvardagen. Du må ha evne til å skape gode relasjonar og bidra til eit godt sosialt fellesskap der alle blir inkludert.
Arbeidsoppgåver:
- HallUng junior- og ungdomsklubb på Ål kulturhus
- Aktivitetar i skuleferien
- Arbeidstid vil vere i hovudsak ettermiddag og kveld
Kvalifikasjonar:
Ingen spesielle krav om utdanning, men gjerne erfaring frå arbeid med barn og unge.
Eigenskapar:
Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar:
- interesse for førebyggande arbeid for barn og ungdom
- gode evner til å skape relasjonar
- er ein trygg vaksen
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har pågangsmot og engasjement
- er lojal og positiv
- er fleksibel og løysingsorientert
- evne til å arbeide sjølvstendig
- kan uttrykke seg godt på norsk
Vi tilbyr:
- interessante og varierte arbeidsoppgåver
- arbeid i ein kommune som set frivilligsentralen si verksemd høgt
- varierte fleksible arbeidstider
- godt arbeidsmiljø
- løn etter gjeldande tariffavtale
Søknad og politiattest:
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
- intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Du er velkomen til å ta kontakt om du har spørsmål til stillinga.
Dagleg leiar Turid Hilde Gåsbakk tlf: 476 37 249 eller epost: thg@aal.kommune.no
Velkomen som søkjar!
Företag
Ål KommuneAnsökningstiden
10.03.2024Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5562112Se här för andra jobb från Ål Kommune
- Uppdaterad 08.03.2024