• Company
    Vaksdal kommune
  • Application deadline
    01.05.2023
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4951780
  • Look here for other jobs from Vaksdal kommune
  • Updated 12.01.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Vaksdal kommune

Ung i helse, sommarjobb for deg under 18 år

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du mellom 16 og 18 år, og har lyst på ein meiningsfull og spanande sommarjobb?

Synest du det å arbeide med eldre verkar spanande? Har du lyst å prøve om det å arbeide i helse er noko for deg? 

Vi ser etter ungdommar som vil vere ein del av Vaksdal kommune sitt aktivitetstilbod til eldre i sommar.

Arbeidet skjer på sjukeheimsavdelingane og på dagsenter.

Du vil få ein kontaktperson og god opplæring.

Skriv i søknaden når du kan jobbe i perioden mellom 19. juni til 13. august.

Svar på søknad, avtale om intervju og eventuelt tilbod/avslag vil du motta på den e-postadressa du registrerte i søknaden.

Er du fylt 18 år? Då kan du søkje ordinær sommarjobb i helse her: Klikk her for å søke ordinær sommarjobb innan helse og meistring 

Arbeidsstad

Sjukeheim eller dagsenter

Arbeidsoppgåver

  • Vere sosial saman med pasientar. Aktivitetar som: ut på tur, prate, lese ei bok for pasientar, sjå film saman, spele kort, høyre på musikk, danse, steike vaflar og anna som kan gje pasientane auka livskvalitet. 
  • Enkle oppgåver i avdelinga, som eksempelvis å hjelpe til på kjøkken, rydding og anna.

Kvalifikasjonar:

  • Du må vera fylt 16 år seinast 19. juni 2023
  • Du må vera busett i Vaksdal kommune
  • Søkjarar som ikkje har anna sommarjobb vil bli prioritert
  • Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Personlege eigenskapar:

  • Glad i å arbeide med menneske
  • Du må like å vere sosial og våge å ta initiativ
  • Kunne ta imot og følgje instruksjonar
  • Ynskjer å ta ansvar og likar å samarbeide

Vaksdal kommune kan tilby

  • Ein sommarjobb litt utanom det vanlege, saman med kjekke kollegaer og pasientar
  • Rettleiing og støtte undervegs
  • Arbeidserfaring og kjennskap til Helse og meistring i Vaksdal kommune
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk
  • Tenesteattest/ bevis på arbeid

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04

 

 

  • Company
    Vaksdal kommune
  • Application deadline
    01.05.2023
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4951780
  • Look here for other jobs from Vaksdal kommune
  • Updated 12.01.2023