• Company
    Vaksdal kommune
  • Application deadline
    15.03.2023
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4982068
  • Look here for other jobs from Vaksdal kommune
  • Updated 01.03.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Vaksdal kommune

Undervisningsstillingar skuleåret 2023/2024 1.-7. trinn

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vera med oss og byggje framtidsskulen for alle elevane i Vaksdal?

Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar. Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg som søkjar til ledige undervisningsstillingar, vikariat og/eller faste, frå august 2023. Både heiltid- og deltidsstillingar kan bli aktuelt.

I Vaksdal er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Skulane i Vaksdal har jobba i fellesskap med fagfornyinga. Målet i ny læreplan er å styrke utviklinga av elevane si djupnelæring og forståing. Verdigrunnlaget skal løftast fram, og elevane jobbar tverrfagleg med demokrati, medborgarskap, berekraftig utvikling, folkehelse og livsmestring. Vaksdalskulen har felles og langsiktige satsingar gjennom inkluderande læringsmiljø, PALS og digital læringsleiing, og som lærar i Vaksdal får du vere del av eit lærande profesjonsfellesskap.

Vi er stolte av det gode arbeidet som vert gjort av våre tilsette og ynskjer oss fleire lærarar med på laget.

Utlysinga gjeld stillingar for skuleåret 2023/2024. For enkelte stillingar kan det verta aktuelt med tidlegare tilsetjingstidspunkt.

Rekrutteringa startar i løpet av mars og vil halde fram fram til skulestart.

Arbeidsstad

Vaksdal kommune har 5 skular; 2 kombinert skule (1-10) og 3 barneskular (1-7), som du kan få nærare opplysningar hjå:

Stanghelle skule                          Rektor Kari Vaksdal Faugstad     Tlf. 922 20 416

Vaksdal skule                               Rektor Monika Antun          Tlf. 488 80 311

Dale skule                                     Rektor Magnar Helland       Tlf. 488 80 331

Stamnes oppveksttun                 Rektor Agnetha Brekkhus        Tlf. 975 80 059

Eksingedalen oppveksttun          Rektor Liv Anne Bergo           Tlf. 976 53 458

Set gjerne opp ein bestemt skule dersom du har ein preferanse og om du har høve til å starte før inneverande skuleår er omme.

Krav til kompetanse

  • Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar)
  • God digital kompetanse
  • Søkjarar som har undervisningskompetanse i fleire av følgjande fag vil bli føretrekt; matematikk, norsk og engelsk. For å undervise i faga norsk, engelsk og matematikk på barnetrinnet må ein ha 30 studiepoeng som er relevant for det aktuelle faget
  • Me ser særleg etter personar som har kompetanse i den første lese- og skriveopplæringa
  • Søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte 

Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som;

  • er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar
  • set eleven sitt beste i sentrum
  • vektlegg tilpassa opplæring
  • har god læreplanforståing og vurderingspraksis
  • har gode samarbeidsevner
  • er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar
  • har godt humør

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi oppmodar menn til å søkja.

Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding.

Vaksdal kommune kan tilby

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

  • Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus
  • Spanande og utfordrande stillingar
  • Gode og kvalifiserte fagmiljø
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søkjer du

Elektronisk søknad.  Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

Treng du hjelp, kan du venda deg til HR: tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no / 95527504

Kontaktperson

Direkte til ein av rektorane eller til:

Jill Bru Johansen, Einingsleiar skule, mobil: 45376534 jill.johansen@vaksdal.kommune.no

Ann Kristin Bolstad, Kommunalsjef Oppvekst, mobil: 977 59 760, ann.kristin.bolstad@vaksdal.kommune.no

 

  • Company
    Vaksdal kommune
  • Application deadline
    15.03.2023
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4982068
  • Look here for other jobs from Vaksdal kommune
  • Updated 01.03.2023