• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    05.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3553967
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 08.03.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Undervisningsstillingar Samnanger barneskule og ungdomsskule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Både ved Samnanger barneskule og Samnanger ungdomsskule er det ledige underviningsstillingar frå 1. august 2021. 

Arbeidsstad:

  • Samnanger barneskule (SBS) er ein skule med 200 elvar.
  • Samnanger ungdomsskule (SUS) er ein MOT-skule med omlag 90 elevar.

Skulane sitt motto er ein god stad å vera og ein god stad å læra. Skulane har sterk fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål gjennom tidlig innsats og inkluderande felleskap. Me er skular i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trivst på arbeidsplassen sin.

Arbeidsoppgåver:

Samnanger barneskule:

Kontaktlærar og lærarar med IKT kompetanse blir prioritert.

Samnanger ungdomsskule:

Kontaktlærarar/ faglærarar i faga engelsk, kunst og håndtverk, arbeidslivsfag, programmering, musikk, spansk, spes.ped.kompetanse.

 Kvalifikasjonar:

  • Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
  • Det er ønskeleg med 30 stp (SBS) eller 60 stp (SUS) i eit eller fleire av faga norsk, engelsk og matematikk. I øvrige fag 30 stp.
  • Politiattest. jfr. Opplæringsl. § 10-9
  • God nynorsk framstilling
Personlege eigenskapar:
  •  God relasjonskompetane
  •  Tydeleg og omsorgsfull klasseleiing
  •  Evne til å arbeida systematisk, nøyaktig og gjennomføra god undervisning
  •  God arbeidskapasitet og evne til å ta ansvar
  •  Serviceinstilling og gode samarbeidsevner
  •  Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng

Me tilbyr:

  • Godt arbeidsmiljø og ein utviklingsorientert organisasjon
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Mentorordning og nettverk for nyutdanna lærar
  • Tilsette blir meldt inn i SPK, og med offentleg tjenestepensjon får de ein av dei best pesjonsordningane i Noreg.
  • Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon og etterlattepensjon
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring


Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla befolkninga forøvrig. Me oppforda alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.  

Me gjer merksam på at søkjarlistar til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    05.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3553967
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 08.03.2021