Company
Samnanger kommuneApplication deadline
05.04.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3553967Look here for other jobs from Samnanger kommune
- Updated 08.03.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Samnanger kommune
Undervisningsstillingar Samnanger barneskule og ungdomsskule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Både ved Samnanger barneskule og Samnanger ungdomsskule er det ledige underviningsstillingar frå 1. august 2021.
Arbeidsstad:
-
Samnanger barneskule (SBS) er ein skule med 200 elvar.
-
Samnanger ungdomsskule (SUS) er ein MOT-skule med omlag 90 elevar.
Skulane sitt motto er ein god stad å vera og ein god stad å læra. Skulane har sterk fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål gjennom tidlig innsats og inkluderande felleskap. Me er skular i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trivst på arbeidsplassen sin.
Arbeidsoppgåver:
Samnanger barneskule:
Kontaktlærar og lærarar med IKT kompetanse blir prioritert.
Samnanger ungdomsskule:
Kontaktlærarar/ faglærarar i faga engelsk, kunst og håndtverk, arbeidslivsfag, programmering, musikk, spansk, spes.ped.kompetanse.
Kvalifikasjonar:
-
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
-
Det er ønskeleg med 30 stp (SBS) eller 60 stp (SUS) i eit eller fleire av faga norsk, engelsk og matematikk. I øvrige fag 30 stp.
-
Politiattest. jfr. Opplæringsl. § 10-9
-
God nynorsk framstilling
- God relasjonskompetane
- Tydeleg og omsorgsfull klasseleiing
- Evne til å arbeida systematisk, nøyaktig og gjennomføra god undervisning
- God arbeidskapasitet og evne til å ta ansvar
- Serviceinstilling og gode samarbeidsevner
- Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng
Me tilbyr:
- Godt arbeidsmiljø og ein utviklingsorientert organisasjon
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Mentorordning og nettverk for nyutdanna lærar
- Tilsette blir meldt inn i SPK, og med offentleg tjenestepensjon får de ein av dei best pesjonsordningane i Noreg.
- Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon og etterlattepensjon
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla befolkninga forøvrig. Me oppforda alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Me gjer merksam på at søkjarlistar til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.
Company
Samnanger kommuneApplication deadline
05.04.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3553967Look here for other jobs from Samnanger kommune
- Updated 08.03.2021