• Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    27.03.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6105817
  • Look here for other jobs from Giske Kommune
Vacancy

Giske Kommune

Undervisningsstillingar i skulane i Giske kommune frå 01.08.2025

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

             

Skulane i Giske kommune har ledige undervisningsstillingar frå 01.08.2025, både faste stillingar og vikariat. Det vil også vere ledige stillingar i Basen, forsterka avdeling ved Valderøy barneskule og ved Naustet, alternativ opplæringsarena ved Giske ungdomsskule.

Visjonen for ein oppvekst i Giske kommune er "Det var bra eg kom", med utgangspunkt i barnet si erfaring i møte med barnehage og skule.

Dei aller fleste stillingane inneber kontaktlæraransvar.

Kompetansebehov: 

Lærar 1. - 7. 

Lærar 5. - 10. 

Lærar med kompetanse på begynneropplæring.

Lærar med spesialpedagogisk kompetanse og ASK.

Fag: norsk, matematikk, engelsk, naturfag, særskilt norskopplæring, krle, musikk, kunst og handtverk.

For alle stillingane gjeld:

  • Det er krav om gyldig politiattest.
  • Administrasjons- og undervisningsmålet er nynorsk.
  • I tillegg til formell utdanning og praksis legg vi vekt på personlege eigenskapar og at du elles er skikka for stillinga.

VIKTIG !

I søknaden må du gi opp informasjon om:

  • Kva skule søkjer du til - oppgi eventuell prioritering mellom skulane.
  • Kva grunnutdanning har du? (Allmennlærarutdanning 1-7? Allmennlærarutdanning 5-10? Førskuleutdanning m/evu?) 
  • Kva fag har du - og kor mange studiepoeng i kvart fag? 
  • Kva kompetanse har du i spesialpedagogikk, studiepoeng?
  • Kor mange år har du jobba som lærar? 
  • Har du erfaring som kontaktlærar?
  • Har du erfaring frå alternativ opplæringsarena, erfaring frå forsterka avdeling?

 

Kvalifikasjoner:

Vi søkjer lærarar med spesialpedagogisk kompetanse, og ASK-kompetanse som:

  • har gode evner i klasseleiing og relasjonsbygging gjennom å vere ein autorativ vaksen
  • har fokus på fagleg inkludering gjennom tilpassa opplæring i elevgruppa
  • har evne og vilje til nytenking og utvikling
  • har engasjement, løysingsvilje og evne til fleksibilitet
  • har evne til å bidra til eit godt samarbeid
  • har erfaring som kontaktlærar
  • har god digital kompetanse - erfaring i bruk av digitale verktøy i undervisninga vert vektlagt
  • har god norskkunnskap både munnleg og skriftleg (nynorsk)

Vi tilbyr:

  • Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet 
  • Føresette og lokalsamfunn som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrer
  • Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
  • Samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente tilsette

Giskeskulen har ambisjonar om å skape eit inkluderande og samlande oppvekstmiljø. Grunnleggande prinsipp for Giskeskulen er: 

  • barnet/ungdommen er i sentrum 
  • ønska elevrolle er utgangspunkt for lærar- og leiarrollene 
  • læring er sosial med fokus på samarbeid 
  • barnet/ungdommen sin motivasjon og emosjonar er vektlagd 
  • vi anerkjenner forkunnskap og individuelle forskjellar, 
  • barnet/ungdommen blir utfordra utan å verte overbelasta

Skulane i Giske kommune :

Giske ungdomsskule: https://www.giske.kommune.no/giske-ungdomsskule/   

Skulen er lokalisert på Valderøya med om lag 360 elevar fordelt på 15 klasser. Skuleåret 2025/26 oppretter vi Naustet, ein alternativ opplæringsarena. Einingsleiar /rektor Gry Støbakk Ytterland, tilf 926 52 950 

Godøy skule : https://www.giske.kommune.no/godoy-skule/http://

Skulen er ein 1-7 skule, lokalisert på Godøya, med 130 elevar og med ca 50 barn i SFO. Einingsleiar / rektor Oddfrid Reinlund, tlf. 480 23 464.

Vigra skulehttps://www.giske.kommune.no/vigra-skule/http://

Skulen er ein 1-7 skule med 190 elevar og med ca 70 barn i SFO. Einingsleiar / rektor Karianne Farstad tlf. 950 80 565.

Valderøy barneskulehttps://www.giske.kommune.no/valderoy-barneskule/http://

Skulen er ein 1 - 7 skule med 455 elevar organisert i 4 avdelingar og ca 180 barn i SFO. Einingsleiar / rektor Terje Austnes tlf. 907 87 060.

Base, Valderøy barneskule: Eiga forsterka avdeling, Basen, for 1.-10 trinn for elevar med alternative kompetansemål i alle fag. Einingsleiar / rektor Terje Austnes tlf. 907 87 060.  

Giske skulehttps://www.giske.kommune.no/giske-skule/http://

Skulen er ein 1-7 skule med 90 elevar og med ca 45 barn i SFO. Einingsleiar / rektor Sunniva Kvalsund, tlf. 472 85 282.

 

  • Company
    Giske Kommune
  • Application deadline
    27.03.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6105817
  • Look here for other jobs from Giske Kommune