Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Innlandet fylkeskommune

Undervisningsstilling i musikk (vikariat)

Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater

Beskrivelse

 

Vinstra vidaregåande skule har skuleåret 2023/2024 ledig vikariat inntil 21,40 % som sangpedagog. Stillinga kan eventuelt kombinerast  med inntil 4 % undervisning i bruksgitar.

Vi søkjer deg som

  •  godt kjenner bredda i musikkfeltet både klingende og teoretisk, ser etter sammenhengen mellom faga, og evner å undervise faga som ein del av ei større heilheiit
  •  liker å arbeide med ungdom, ser kvar enkelt, er god til å motivere, og evner å tilpasse undervisninga
  •  liker å arbeide både sjølvstendig og i fagteam, og orienterer seg og bidrar aktivt i det faglege fellesskapet
  •  har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
  •  grundig sett seg inn i læreplanen og underviser i høve til den, og evner å omsette planane til samfunnsreelle og spennande musikkfageige læringsaktiviteter
  •  har løpande dialog med elevane om både innhald, metode og læring
  •  har god orientering mot musikkfagleg kompetansebehov i samfunnet i dag, slik at undervisninga er framtidsretta
  •  er ein aktiv musikkutøvar sjølv, og skattar læring gjennom aktivitet, utøving, forsking og erfaring
  •  har god digital kompetanse, og er dyktig på å sette seg inn i nye system og programvare om behov.

Vi tilbyr

  •  godt arbeidsmiljø med motiverte elevar, lærarar og leiarar
  •  gode fasilitetar, flott og dels ny skole og fin MDD- avdeling, egen kultursal (196 seter i amfi), lydstudio med meir
  •  eit arbeidsmiljø pregat av å ville ha eit topp undervisningstilbod, fokus på elevens mestring, samarbeid, å lære av kvarandre, rom for å være ulike, tillit og glede
  •  lønn etter gjeldande avtaleverk
  •  fylkeskommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • 21,4% vikariat som sangpedagog i perioda 01.08.2023 - 31.07.2024

Arbeidsoppgåver

  • 21,4 % sang hovudinstrument
  •  kan eventuelt kombinerast med 4 % undervisning i bruksgitar
  •  det kan bli endringar når alle elever er tatt inn

Ønskte kvalifikasjoner

  • høgare utdanning innan musikk, og pedagogisk utdanning
  •  gjerne erfaring med undervisning på vidaregåande skole nivå
  •  generelt god orientering og kompetanse i musikk både klangleg og teoretisk. God kjennskap   og/eller motivasjon for å bruke teknologi og nettressursar i undervisninga
  •  god orientering mot musikkfagleg kompetansebehov i samfunnet i dag
  •  god utøver, må absolutt ikkje være best, men å ha et bra erfaringsnivå innan dei felt ein skal undervise er ei forutsetning for å kunne veilede elevane mot den musikkfaglege forståinga og erfaringane læreplanane legg opp til
  •  evner på omsette læreplanane til spennande, samfunnsrelevante, musikkfageige læringsaktiviteter

Ønskte eigenskapar

  • like å jobbe med ungdom
  •  like å samarbeide
  •  like å jobbe som musikkpedagog, og undervise ut ifrå læreplanar og rammeverk i møte med egen kompetanse, elevane sine forutsetningar, kollegiet på MDD- avdelinga, og det regionale og nasjonale musikkfeltet
  •  påliteleg, positiv, kreativ og kompetent

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.