• Company
    Vestnes kommune
  • Application deadline
    30.03.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , TOMREFJORD
    VESTNES
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6108815
  • Look here for other jobs from Vestnes kommune
Vacancy

Vestnes kommune

Undervisningsstilling

Offentlig forvaltning

Stillingstype
Det er ledig ei fast undervisningsstilling i inntil 100% ved Tomrefjord skule frå 01.08.2025. Stillinga er i hovudsak tenkt plassert på barneskulen (primært i 1.-4.klasse), der kontaktlærar er ein naturleg tilleggsfunksjon i stillinga. Andre funksjonar kan vere aktuelle gjennom ei intern utlysing i forkant av det nye skuleåret (t.d.teamleiar). 
Utover våren kan det bli ledige lærarstillingar ved skulen som følgje av oppseiingar og/eller permisjonar. Desse stillingane vil bli tatt med i tilsettingsprosessen. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.


Arbeidsoppgåver
- undervisning og rettleiing av elevar
- vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
- motivere elevane til innsats for eiga læring
- tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
- rettleie elevar fagleg og sosialt


Kvalifikasjonar
- Følgande fag er av særleg interesse: norsk og/eller matematikk (spesielt byrjaropplæring), uteskule/tverrfagleg undervisningskompetanse. 
- andre fagområde kan også vere aktuelle
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- ha god kommunikasjonsevne
- digital kompetanse
- bidra til teamutvikling
- engasjert og fagleg dyktig
- det blir stilt krav om politiattest
- det vert stilt krav til allmennlærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk utdanning
- personlege eigenskapar og erfaring med byrjaropplæring vil og bli vektlagt 


Personlege eigenskapar
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har god kompetanse og erfaring med klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
- kan jobbe tverrfagleg 


Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på utvikling
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- eit funksjonstillegg på 40.000kr/årleg for kontaktlærarar
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale


Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.


Referansar
Oppgi referansar


Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.


Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

  • Company
    Vestnes kommune
  • Application deadline
    30.03.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , TOMREFJORD
    VESTNES
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6108815
  • Look here for other jobs from Vestnes kommune