Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
31.07.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4619493Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 01.07.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Undervisningsinspektør/lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om skulen
Sagatun skule og SFO ligg i sentrum av tidlegare Balestrand kommune og er ein 1 - 10 skule med om lag 115 elevar fordelt på 8 aldersblanda klassar og om lag 20 tilsette. Sagatun tilbyr skulefritidsordning for elevane på 1.- 4.trinn. Skulen ligg idyllisk til med stort uteområde og utsikt utover Sognefjorden og med skogen og Balestrandsfjella like bak. Elevane kjem frå Fjordane, Dragsvik, utover mot Nessane og frå sentrum i Balestrand. Skulen har godt kvalifiserte lærarar og tilsette som samarbeider på dei ulike trinna. Sagatun skule samarbeider med idrettslaget og Sygna vgs om bruk av idrettsbana, Kreklingen stadion og idrettshallen, Belehalli.
Om stillinga
Det er ledig 100% vikariat som undervisningsinspektør/ lærar ved Sagatun skule for skuleåret 2022- 2023 frå 01.08.2022 fordelt slik: 50% studieinspektør + 50% lærar.
Som undervisningsinspektør på Sagatun skule skal du samarbeida med dei tilsette som driv læringsarbeidet for elevane. Alle på skulen skal møtast med respekt og positivitet som gjer at ein skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for elevane og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver for studieinspektør
Administrasjonsoppgåver og pedagogisk utviklingsarbeid i samarbeid med rektor
Arbeid med Visma flyt timeplan, registrering av timar, fråvær og løn
Planlegge skuleåret saman med rektor
Arbeid med læringsmiljøet, medlem i tverrfagleg ressursteam
Koordinering/oppfylging av spesped i samarbeid med rektor
Samspel med elevar, foreldre og samarbeidspartar
50% lærar
Arbeid som lærar kan m.a. vere å undervise og arbeide med
norskopplæring for framandspråklege
tilrettelagt arbeid opp mot spesped
å vere faglærar
Kvalifikasjonar:
Me søkjer ein relasjonssterk, utviklingsorientert og inkluderande nestleiar ved skulen som kan vera med å realisera Sagatun skule som ein framtidsretta skule.
Relevant høgare pedagogisk utdanning og gjerne leiarutdanning/-erfaring
Krav til undervisningskompetanse
Utdanning og/eller erfaring med spesialundervisning
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kjennskap til bruk av digitale læremiddel i opplæringa
Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng
Menn vert oppfordra til å søkje
Personlege eigenskapar:
Har gode leiareigenskapar og evne til lagarbeid
Er interessert i utviklingsarbeid og kan vera med å leia prosessar
Har evne til å laga system og arbeida strukturert, tydeleg og målretta
Har god samarbeidsevne
Har gode relasjonar til elevar, tilsette og samarbeidspartar
Kan arbeida effektivt, nøyaktig og sjølvstendig
Har evne til å spreia motivasjon, humor og arbeidsglede
Fleksibel, tilpassingsdyktig og har evna til å handtere nye utfordringar
Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar
Me tilbyr:
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
31.07.2022Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4619493Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 01.07.2022