• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4619493
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 01.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Undervisningsinspektør/lærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om skulen 

Sagatun skule og SFO ligg i sentrum av tidlegare Balestrand kommune og er ein 1 - 10 skule med om lag 115 elevar fordelt på 8 aldersblanda klassar og om lag 20 tilsette. Sagatun tilbyr skulefritidsordning for elevane på 1.- 4.trinn. Skulen ligg idyllisk til med stort uteområde og utsikt utover Sognefjorden og med skogen og Balestrandsfjella like bak. Elevane kjem frå Fjordane, Dragsvik, utover mot Nessane og frå sentrum i Balestrand. Skulen har godt kvalifiserte lærarar og tilsette som samarbeider på dei ulike trinna. Sagatun skule samarbeider med idrettslaget og Sygna vgs om bruk av idrettsbana, Kreklingen stadion og idrettshallen, Belehalli 

 

Om stillinga 

Det er ledig 100% vikariat som undervisningsinspektør/ lærar ved Sagatun skule for skuleåret 2022- 2023  frå 01.08.2022 fordelt slik:  50% studieinspektør + 50% lærar. 

Som undervisningsinspektørSagatun skule skal du samarbeida med dei tilsette som driv læringsarbeidet for elevane. Alle på skulen skal møtast med respekt og positivitet som gjer at ein skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for elevane og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette.  

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver for studieinspektør 

 Administrasjonsoppgåver og pedagogisk utviklingsarbeid i samarbeid med rektor 

  • Arbeid med Visma flyt timeplan, registrering av timar, fråvær og løn 

  • Planlegge skuleåret saman med rektor 

  • Arbeid med læringsmiljøet, medlem i tverrfagleg ressursteam 

  • Koordinering/oppfylging av spesped i samarbeid med rektor 

  • Samspel med elevar, foreldre og samarbeidspartar 

 

50% lærar 

       Arbeid som lærar kan m.a. vere å undervise og arbeide med  

  • norskopplæring for framandspråklege  

  • tilrettelagt arbeid opp mot spesped  

  • å vere faglærar  

 

Kvalifikasjonar:  

Me søkjer ein relasjonssterk, utviklingsorientert og inkluderande nestleiar ved skulen som kan vera med å realisera Sagatun skule som ein framtidsretta skule. 

  • Relevant høgare pedagogisk utdanning og gjerne leiarutdanning/-erfaring  

  • Krav til undervisningskompetanse  

  • Utdanning og/eller erfaring med spesialundervisning 

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 

  • Kjennskap til bruk av digitale læremiddel i opplæringa 

  • Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk  med evna til å sjå teori og praksis i samanheng 

  • Menn vert oppfordra til å søkje 

 

Personlege eigenskapar: 

  • Har gode leiareigenskapar og evne til lagarbeid 

  • Er interessert i utviklingsarbeid og kan vera med å leia prosessar 

  • Har evne til å laga system og arbeida strukturert, tydeleg og målretta 

  • Har god samarbeidsevne 

  • Har gode relasjonar til elevar, tilsette og samarbeidspartar 

  • Kan arbeida effektivt, nøyaktig og sjølvstendig 

  • Har evne til å spreia motivasjon, humor og arbeidsglede 

  • Fleksibel, tilpassingsdyktig og har evna til  å handtere nye utfordringar 

  • Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg 

Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar 

 

Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4619493
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 01.07.2022