• Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    08.08.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3889494
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 02.07.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Alver kommune

Undervisningsinspektør - 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga
Knarvik barneskule har frå 01.08.2021 ledig 100% fast stilling som undervisningsinspektør. 

Undervisningsinspektøren er ein del av skuleleiinga, som består av rektor, 2 inspektørar og SFO-leiar.

Om Knarvik barneskule
Knarvik barneskule er ein nybygd skule som ligg sentralt plassert i høve natur og idrettsanlegg midt i Knarvik. Skulen har i dag ca 270 elevar og eit personale på vel 40.

Skulen vart teken i bruk i mai 2019 og framstår som ein topp moderne skule der alt ligg til rette for å skapa eit godt læringsmiljø for elevane.
Til skulen ligg og Læringssenteret, eit senter som gjev eit tilpassa undervisningstilbod for elevar med særlege behov frå heile Nordhordland.

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er varierte og fagleg utfordrande. Hovudoppgåver vil vere å legge til rette for undervisning og læring, deriblant oppfølging av elevsaker, skulen sitt arbeid med elevane sitt psykososiale læringsmiljø (§9a), og timeplanar. Det må og påreknast å arbeida med å løysa det daglege vikarbehovet ved skulen, i samarbeid med resten av skuleleiinga. 

Kompetanse

  • Godkjent undervisningskompetanse
  • Minimum 3 års undervisningskompetanse frå barneskule
  • Erfaring med fleksibel organisering rundt tilpassa opplæring.

Du bør vidare ha god kjennskap til opplæringslova og avtaleverk.
Kjennskap og erfaring med kartlegging/nasjonale prøver og grunnleggande lese og skriveopplæring vil bli vektlagt positivt.

Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein undervisningsinspektør som:
- er strukturert, fleksibel og entusiastisk

- har gode samarbeidsevner

- innehar gode faglege kvalifikasjonar og interesse for pedagogisk utviklingsarbeid.

- viser god skriftleg og munnleg formidlingsevne og god kommunikasjonsevne opp mot elevar, føresette og medarbeidarar.


Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ei stilling som fagansvarleg/inspektør med leiaransvar på ein skule med eit engasjert og utviklingsorientert miljø.
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk.

Politiattest

Denne stillinga krev tilfredsstillande politiattest  jf. opplæringslova.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    08.08.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3889494
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 02.07.2021