• Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    26.03.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5062968
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 16.03.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Alver kommune

Undervisningsinspektør - 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga
Vi søkjer etter ein ny undervisningsinspektør som skal vere ein del av leiarteamet ved skulen. Leiarteamet består av rektor og to undervisningsinspektørar.

Til stillinga ligg det i dag 60% leiing og 40% undervisning, men fordelinga kan bli endra ut frå skulen sine behov.

Om Meland ungdomsskule

Meland ungdomsskule ligg sentralt på Frekhaug, med kort avstand til Bergen og eit godt kollektivtilbod. Buss og hurtigbåt stoppar rett ved skulen.
Vi er ein skule med lange og gode tradisjonar, med vakker utsikt over fjorden og naturen tett inn på skuleområdet. Skulen har om lag 200 elevar, fordelt på 9 klassar. Personalet består av 35 tilsette i ulike stillingar.


Skulen er ein MOT-skule og vi har som overordna mål å skape ein trygg og god skulekvardag for alle elevane våre. Inkluderande undervisning og relasjonskompetanse er viktige satsingsområde for oss. Vi arbeidar etter LK20 og har fokus på organisasjonsutvikling og eit trygt profesjonsfellesskap, der vi reflekterer, vurderer og vidareutviklar vår eiga praksis.

Arbeidsoppgåver
Du vil ha hovudansvar for eit/to av skulen sine trinn, for tida gjeld dette 10.trinn og to klassar på 9.trinn. Det vil seie at du, saman med rektor, skal leie dei utviklingsprosessane som dei til ein kvar tid jobbar med, i tillegg til å sikre den daglege drifta på trinna. Du vil ha oppfølgingsansvar for dei elevane som soknar til trinna, og du vil ha delegert personalansvar for dei tilsette som jobbar der. Du vil ha hovudansvar for fag- og resultatoppfølging, timeplanarbeid og at pedagogisk praksis er i tråd med skulen og skuleeigar sine satsingsområde. Du vil delta i utviklingsgruppa og ressursteamet på skulen.
Andre arbeidsoppgåver vil bli fordelt mellom inspektørane ut frå kompetanse og erfaring.
Undervisningsinspektørane på skulen har ansvar for fråværsoppfølging etter turnus.

Kompetanse

Søkjarar må ha relevant pedagogisk utdanning og arbeidserfaring, helst frå ungdomsskule. Vi vil også legge vekt på relevant leiarutdanning og/eller leiarerfaring.
God dugleik i norsk, både skriftleg og munnleg. 

Ønskt kompetanse

Vi søkjer etter ein undervisningsinspektør med god relasjonell kompetanse, eit positivt elev- og læringssyn, som sjølv i ein hektisk kvardag evner å møte kvar einskild elev og medarbeidar med respekt og forståing. Den som vert tilsett må kunne vise sjølvstende, være løysingsorientert og ha framifrå samarbeidsevne og arbeidskapasitet.

Du må vere opptatt av god personalleiing og bidra til å vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø, samt vere tydeleg og ha gode kommunikasjonsevner i møte med elevar, føresette og medarbeidarar. Vi søkjer deg som er ein pådrivar i utviklingsarbeid og i organisering og drift av skulen. Du engasjerer deg i endringsprosessar og er opptatt av ein forskingsbasert pedagogisk praksis. Du er opptatt av at skulen sin pedagogiske praksis skal ha utspring i dei ulike profesjonsfellesskapa på skulen og ser verdien av at fellesskap i klassen blir skapt gjennom lærarane sin didaktiske og pedagogiske praksis.

Søkjarane bør ha god kjennskap til opplæringslova og avtaleverk. Det er ønskjeleg at du har god digital kompetanse og kompetanse/røynsle innan spesialpedagogikk.

Godt humør og evne til å le er eigenskapar vi sett høgt på skulen vår.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i rekrutteringsprosessen.

Vi tilbyr

- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige, inkluderande og rause medarbeidarar med mykje arbeidsglede.
- Ei spennande jobb med varierte arbeidsoppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling.
- Eit engasjert leiarteam som har fokus på elevanes læring og trivsel.
- Fagleg dyktige medarbeidar i eit kompetent profesjonsfellesskap.
- Ein flokk med flott og ivrig ungdom som bidrar til eit godt skulemiljø.
- Moglegheit for relevant vidareutdanning/leiarutdanning.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, og god oppfølging av nytilsette.
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
- Alver kommune er ei IA-bedrift.

Politiattest

 Ved tilsetjing må søkjar kunne framvise politiattest av nyare dato, dette i samsvar med opplæringslova.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Företag
    Alver kommune
  • Ansökningstiden
    26.03.2023
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5062968
  • Se här för andra jobb från Alver kommune
  • Uppdaterad 16.03.2023