Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
14.08.2022Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4700749Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 15.07.2022
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Alver kommune
Undervisningsinspektør - 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Er du vår nye kollega? Ønskjer du arbeide med skuleleiing?
Ostereidet barneskule har ledig 100% fast stilling som undervisningsinspektør frå 01.10.2022.
Om Ostereidet barneskule
Ostereidet barneskule ligg tett på naturen i naturskjøne omgjevnader på Ostereidet, like ved Ostereidet ungdomsskule og Eikanger idrettspark. Skulebygget er relativt nytt og moderne utforma med gode fasilitetar til undervisning og administrasjon. Skulen har 7 klassar fordelt på 7. trinn, og har 98 elevar.
Det er 18 tilsette ved skulen, 10 lærarar og 5 elevassistentar.
Ostereidet barneskule er ein framoverlent skule som er oppteken av gode læringsprosessar og trygge og gode klassemiljø for elevane, og eit godt profesjonsfellesskap mellom kollegaer.
Arbeidsoppgåver
Inspektøren vil vere ein del av skulen si leiargruppe, saman med rektor og SFO-leiar.
Inspektøren skal saman med leiarteamet leggje til rette for og vere ein pådrivar for eit lærane fellesskap, og bidra til ei framtidsretta og heilskapleg utvikling av skulen. Inspektøren vil ha fagleg ansvar og koordinerande ansvar for spesialundervisning/universell opplæring. Administrative oppgåver knytt til løn, bemanning, samarbeidande instansar, utviklingsarbeid og drift vil også kunne verta knytt til stillinga. Det vil også vere noko undervisning lagt til stillinga.
Administrasjonsspråket i Alver kommune er nynorsk.
Kompetanse
Godkjent pedagogisk utdanning for undervisning i grunnskulen.
Ønskt kompetanse
Vi ønskjer undervisningsinspektørar som, sjølv i ein hektisk kvardag, evner å møte kvar einskilde elev og medarbeidar der dei er. Dei må vere opptatt av å samskape og dei må kunne vere rause i detaljane, men samtidig faste og tydelege i det sentrale.
Godt humør og evne til å le er eigenskapar vi set høgt på skulen.
Søkjarane bør vidare ha god kjennskap til opplæringslova og avtaleverk, god skriftleg og munnleg formidlingsevne og gode kommunikasjonsevner opp i mot elevar, føresette og medarbeidarar.
Dei som vert tilsett må kunne vise sjølvstende, være løysingsorientert og ha framifrå samarbeidsevne og arbeidskapasitet.
Det er ønskjeleg med kompetanse og/eller røynsle innan spesialpedagogikk og erfaring frå skuleleiing.
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein person med eit positivt elev- og læringssyn, som meistrer å kombinera mange arbeidsoppgåver med tid til positive møter med elevar og kollegaer på skulen.
Inspektøren må vere opptatt av god personalleiing og bidra til å vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø, samt vere tydeleg i møte med elevar, tilsette og føresette.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
Eit engasjert miljø og motivert profesjonsfellesskap
God pensjonsordning
Løn etter gjeldane tariffavtale
Politiattest
Godkjent politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
14.08.2022Anställningsform
workTime.DagBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
4700749Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 15.07.2022