Företag
UtlendingsdirektoratetAnsökningstiden
14.10.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
0663, OSLO
OSLO
Antal befattningar
1Karriere-kod
6408731Se här för andra jobb från Utlendingsdirektoratet
Utlendingsdirektoratet
UDI søkjer engasjert og dyktig seksjonsleiar for Informasjonsforvaltning og arkitekturstyring (IFA)
Offentlig forvaltning
Vil du vere med på å forme framtidas digitale løysingar i utlendingsforvaltninga?
Som seksjonsleiar for Informasjonsforvaltning og arkitekturstyring i Digitaliseringsavdelinga (DIGA) vil du leie arkitektar, informasjonsforvaltarar og UX-designarar. Dette er nøkkelroller når vi skal definere og halde ved lag målbildet for moderniseringa av systemporteføljen i utlendingsforvaltninga. Du blir ein del av ei samansveisa leiargruppe på åtte, i eit miljø prega av samarbeid, høgt under taket og kontinuerleg forbetring. Som leiar vil du arbeide mykje med å sikre at organisasjonen tek rette avgjerder om arkitektur- og løysingsval i takt med dei pågåande programma.
Hos oss skjer det mykje spanande! Utlendingsdirektoratet (UDI) har sett i gang eit stort moderniseringsprogram, der vi dei neste seks åra skal utvikle heilt nye IT-system. Desse systema er avgjerande både for nasjonal tryggleik, for alle som søkjer opphald i Noreg og for medarbeidarane våre. Samla med UD, UNE og Politiet har vi fått over 2 milliardar kroner til å byggje nye løysingar frå botnen av. Som seksjonsleiar vil du utgjere ein skilnad og bidra til at UDI lukkast med eitt av dei største og viktigaste IT-prosjekta i landet.
I DIGA utviklar, driftar og forvaltar vi IT-tenester som er avgjerande for behandling av søknadar om asyl, visum, opphald og statsborgarskap. Vi har ansvar for UDIs digitale vegkart, målbilete og handlingsplanar, og deltek aktivt i europeisk samarbeid om felles løysingar. Med over 140 tilsette og 60 konsulentar er vi eit sterkt fagmiljø som brenn for å skape brukarvenlege, trygge og framtidsretta løysingar. Vi er på ei endringsreise frå prosjektorganisering til myndiggjorde team – og hos oss finn du eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid, humor og rausheit!
Kvalifikasjoner:
- utdanning på masternivå, helst med informatikk i fagkrinsen. Bachelorgrad kombinert med solid og relevant erfaring kan kompensere for kravet
- dyktig og fleksibel leiar med erfaring frå endringsprosessar og frå å få høgkompetente medarbeidarar til å trivast og levere resultat saman
- god på prosess, flyt og kontinuerleg forbetringsarbeid
- god forståing av verksemd og roller
- fordel med leiingserfaring frå både informasjonsforvaltning og verksemdsarkitektur, gjerne frå offentleg sektor
- fordel med kjennskap til arkitektur- og systemlandskapet i utlendingsforvaltninga
- kjennskap til teknisk arkitektur, helst også TOGAF
- fordel med kjennskap til smidig metodikk
- må kunne tryggleiksklarerast på nivå hemmeleg, jf. Sikkerhetsloven
Personlige egenskaper:
- inspirerande og robust leiar med gjennomslagskraft, som byggjer tillit på alle nivå
- god til å utvikle medarbeidarane dine og utløyse potensialet deira
- trygg leiar som gir rom for faglege diskusjonar, men tek avgjerder når det trengst
- strategisk blikk og heilskapleg forståing
- flink til å samhandle og byggje relasjonar, og legg til rette for eit arbeids- og læringsmiljø prega av det
- nysgjerrig på menneske og flink til å få fram det beste i dei du leier
Det blir lagt stor vekt på personleg eignaheit.
Vi tilbyr:
Vi tilbyr ei spanande leiarstilling med utfordrande oppgåver i ei verksemd med eitt av dei viktigaste samfunnsoppdraga i Noreg. Vi har høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar. Verdshendingar påverkar arbeidet vårt direkte, og vi er vane med å omstille oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet.
Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag.
Vi held til i nye og flotte lokale på Helsfyr, med ein svært god kantine. Vi tilbyr goder som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, fleksibel arbeidsplass – og ikkje minst landets aller beste kollegaer (meiner vi).
Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Har du hol i CV-en, funksjonsnedsetjing eller annan etnisk bakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette i Webcruiter når du søkjer. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
Du blir tilsett som seksjonssjef (1211) i lønsspennet 1.050.000 – 1.250.000 kr (brutto per år), avhengig av kvalifikasjonar. Eit lønnstrekk på to prosent gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse.
Kva skjer no?
Du søkjer på stillinga via søknadssystemet Webcruiter. Du må fylle ut CV og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved dette i eige format i tillegg. Du må òg leggje ved vitnemål, som du via Webcruiter lastar opp frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Har du utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no), og vitnemål frå utdanninga må leggjast ved.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste i samsvar med offentleglova § 25. Det er mogleg å be om å bli unnateken frå denne lista, men då må du grunngje ønsket. Dersom ønsket ikkje kan innvilgast, tek vi kontakt med deg på førehand.
I samarbeid med ekstern leverandør brukar UDI bakgrunnssjekk. Bakgrunnssjekken inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjing.
Företag
UtlendingsdirektoratetAnsökningstiden
14.10.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
0663, OSLO
OSLO
Antal befattningar
1Karriere-kod
6408731Se här för andra jobb från Utlendingsdirektoratet