Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
15.03.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3549907Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 07.03.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Trainee innan kommunikasjon
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kunne du ha gjort denne stillingsutlysinga betre? Er du kreativ, nyskapande og likar å bli utfordra til å tenkje nytt? Har du lyst til å jobbe med innovasjon? Då håpar vi å få med oss deg på laget.
Sunnfjord kommune ser etter ein trainee som kan tilføre oss kunnskap, inspirere oss og ikkje minst sjå potensiale i bruk av sosiale kanalar og digitale arbeidsmåtar.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:- drifte og utvikle nettsider og profilar i sosiale kanalar
- lage videoar
- koordinere digitale kurs, møter, webinar og workshop
- arbeide strategisk med kommunikasjonsplan og omdømme
- høgare utdanning (min bachelor) innan informasjon, kommunikasjon, media
- gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
- god forståing og interesse for digitale medium
- evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
- tek initiativ og utfordrar oss med nye idear
- eit breitt fagmiljø lokalt og nasjonalt
- kollegaer som har det kjekt på jobb, er kreative og opne for nye tankar og arbeidsmåtar
- erfaring med innovasjon i helse- og omsorgssektoren
- nettverk med andre kommunikasjonsrådgjevarar nasjonalt og regionalt
Lønn: Traineestillinga vert løna i tråd med HTA ut i frå kompetanse.
Om arbeidsgjevar
Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) Vestland (Sogn og Fjordane)USHT vil bidra til å styrke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene gjennom fag- og kompetanseutvikling og spreiing av ny kunnskap, nye løysingar og nasjonale føringar.
USHT samarbeider med Høgskulen på Vestlandet, Senter for omsorgsforsking vest, Fylkesmannen i Vestland, Helse Førde, Vestlandsforsking, Vestland fylkeskommune, og dei andre utviklingssentra i landet. Sunnfjord kommune er vertskommune for USHT Vestland (Sogn og Fjordane).
E-helse VestlandVelferdsteknologi har stor merksemd i kommunane i Vestland fylke. E-helse Vestland vil etablere Vestland som ein kraftregion for bruk av teknologi i helse- og omsorgssektoren.
Prosjektet samarbeider med Velferdsteknologiprosjektet i Sogn og Fjordane og Vestlandsprosjektet, Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking, Helse Vest IKT og USHT Vestland (Sogn og Fjordane) og USHT Vestland (Hordaland). Sunnfjord kommune er prosjekteigarar.
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.
Du søker her
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
15.03.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3549907Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 07.03.2021