Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Sunnfjord kommune søker trainee: Kommunikasjon

Kommunikasjon

Kunne du ha gjort denne stillingsutlysinga betre? Er du kreativ, nyskapande og likar å bli utfordra til å tenkje nytt? Har du lyst til å jobbe med innovasjon? Då håpar vi å få med oss deg på laget.

Sunnfjord kommune ser etter ein trainee som kan tilføre oss kunnskap, inspirere oss og ikkje minst sjå potensiale i bruk av sosiale kanalar og digitale arbeidsmåtar.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • drifte og utvikle nettsider og profilar i sosiale kanalar
  • lage videoar
  • koordinere digitale kurs, møter, webinar og workshop
  • arbeide strategisk med kommunikasjonsplan og omdømme

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • høgare utdanning (min bachelor) innan informasjon, kommunikasjon, media
  • gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
  • god forståing og interesse for digitale medium
  • evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • tek initiativ og utfordrar oss med nye idear

Vi kan tilby deg:

  • eit breitt fagmiljø lokalt og nasjonalt
  • kollegaer som har det kjekt på jobb, er kreative og opne for nye tankar og arbeidsmåtar
  • erfaring med innovasjon i helse- og omsorgssektoren
  • nettverk med andre kommunikasjonsrådgjevarar nasjonalt og regionalt

Lønn: Traineestillinga vert løna i tråd med HTA ut i frå kompetanse.

Kontaktperson:

Marta Strandos, leiar USHT Vestland (Sogn og Fjordane), tlf 41 52 64 16 marta.strandos@sunnfjord.kommune.no

Liv Janne Bell Jonstad, einingsleiar Fagutvikling, tlf 90 98 00 67 Liv.Janne.Bell.Jonstad@sunnfjord.kommune.no

Om arbeidsgjevar:

Sunnfjord kommune:

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) Vestland (Sogn og Fjordane):
USHT vil bidra til å styrke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene gjennom fag- og kompetanseutvikling og spreiing av ny kunnskap, nye løysingar og nasjonale føringar.

USHT samarbeider med Høgskulen på Vestlandet, Senter for omsorgsforsking vest, Fylkesmannen i Vestland, Helse Førde, Vestlandsforsking, Vestland fylkeskommune, og dei andre utviklingssentra i landet. Sunnfjord kommune er vertskommune for USHT Vestland (Sogn og Fjordane).

E-helse Vestland:
Velferdsteknologi har stor merksemd i kommunane i Vestland fylke. E-helse Vestland vil etablere Vestland som ein kraftregion for bruk av teknologi i helse- og omsorgssektoren.

Prosjektet samarbeider med Velferdsteknologiprosjektet i Sogn og Fjordane og Vestlandsprosjektet, Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking, Helse Vest IKT og USHT Vestland (Sogn og Fjordane) og USHT Vestland (Hordaland). Sunnfjord kommune er prosjekteigarar.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.