Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
17.09.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5329663Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 26.08.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sogndal kommune
Trafikkbetjent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Eininga veg- og grøntanlegg i Sogndal kommune har ledig 100 % fast stilling som trafikkbetjent.
Stillinga vil innehalde arbeidsoppgåver med kontroll av parkeringsregulering.
Du vil bli ein del av eit team som i dag består av 2 trafikkbetjentar og ein sakshandsamar. Tenesteleiar for veg- og grøntanlegg vil vere næraste leiar.
Arbeidsoppgåver:
- Kontroll av parkering regulert av parkeringsforskrifta.
- Gjennomføring av parkeringskontroll jf. regelverk. Dette inneber å utferda gebyr eller kontrollsanksjon ved feilparkering eller manglande betaling.
- Kontroll av parkering som går utover trafikktryggleik.
- Vera ein del av eit fagmiljø som arbeidar aktivt for å betre parkeringstilhøva i kommunen.
- Delta i arbeidet med skilting som gjeld parkering.
- Ha ansvar for å fylje opp teknisk utstyr brukt til parkeringsregulering.
- Gi informasjon til brukarar av parkeringssystem.
Sogndal kommune er oppteken av å drive tenestene våre på best mogleg måte og arbeidsoppgåvene kan derfor bli endra ved behov.
Kvalifikasjonar:
- Må kunne handtere administrative IT verktøy og office som til dømes word, excel og teams.
- Skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- Må kunne evne å jobbe strukturert.
- Vere villeg til å gjennomføre nødvendig opplæring.
- Førarkort minimum klasse B.
- Minimum 3 år med vidaregåande utdanning.
- Relevant erfaring blir vektlagt.
Personlege eigenskapar:
- Imøtekommande og serviceinnstilt.
- Evne til å prioritere oppgåver og jobbe sjølvstendig innanfor gitte rammer.
- Fleksibel og løysningsorientert.
- Pliktoppfyllande og lojal til kontroll av parkeringsordninga i kommunen.
- Endringsvilleg.
Me tilbyr:
- Ein spennande jobb i et godt arbeidsmiljø.
- Stor grad av påverknad på eigen arbeidskvardag.
- Gode velferdsordningar.
- Lønn etter avtaleverket.
- Stillinga har i dag oppmøtestad Sogndal.
- Opplæring i parkeringsfaget ved behov og regodkjenning når det vert krevd.
Noko av arbeidet vil føregå på ettermiddag, kveld og helg. Reiseverksemd innad i kontrollområdet skjer normalt innanfor arbeidstid.
Som trafikkbetjent har du fastsette ruter du kontrollerer, både til fots og med bil.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette
arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
17.09.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5329663Se här för andra jobb från Sogndal kommune
- Uppdaterad 26.08.2023