Company
Giske KommuneApplication deadline
26.05.2023Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5178168Look here for other jobs from Giske Kommune
- Updated 06.05.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Giske Kommune
Tospråkleg lærar, ukrainsk/norsk
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere ein viktig støttespiller og bidra til at våre nye ukrainske barn i Giske kommune skal få ein trygg og god skulekvardag?
Vi har ledig 100 % stilling som tospråkleg lærar i ukrainsk. Stillinga er ledig frå 01.08.2023 - 31.07.2024, men kan bli forlengt.
Arbeidsstad er grunnskulane i Giske der elevar frå Ukraina busett seg.
Satsingsområdet i oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barn og elevar, og å gi alle ei reell moglegheit til å vere deltakarar i det faglege og sosiale fellesskapet.
I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Gode språkkunnskapar i ukrainsk og norsk.
- Lærarutdanning eller anna relevant høgskule-/universitetsutdanning.
- Erfaring frå pedagogisk arbeid.
- Kunnskapar om norsk skule og samfunnsliv.
- God digital kompetanse.
Personlige egenskaper:
- Engasjement, løysingsvilje og evne til fleksibilitet.
- Tolmodig og omsorgsfull.
- Evne til å skape gode relasjonar og tillit til barn, føresette og tilsette.
- Evne til å skape/legge til rette for inkluderande praksis.
- Evne til sjølvstendig arbeid, men òg samarbeide godt med andre.
Vi tilbyr:
- Samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente tilsette.
- Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring.
- Føresette og lokalsamfunn som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrer.
- Flotte naturomgjevnader med store moglegheiter for ulike aktivitetar.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Company
Giske KommuneApplication deadline
26.05.2023Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6050, VALDERØYA
GISKE
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5178168Look here for other jobs from Giske Kommune
- Updated 06.05.2023