Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
19.05.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6607451Se här för andra jobb från Fjaler kommune
Fjaler kommune
To 100 % faste stillingar som helsefagarbeidar ved Fjaler sjukeheim
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Fjaler sjukeheim har no to ledige, faste 100 % stillingar som helsefagarbeidar. Vi søkjer deg som har hjarte for omsorg, fagleg engasjement og eit ynskje om å gjere ein forskjell – kvar einaste dag. Tenestene våre er i utvikling for å møte framtidas behov, og vi har spanande oppgåver både for nyutdanna og for deg med lang erfaring.
Som helsefagarbeidar hos oss blir du ein viktig del av eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø. Du vil arbeide tett med bebuarar, pårørande og kollegaer for å sikre trygg, verdig og individuelt tilpassa omsorg.
I februar 2024 starta sjukeheimen eit spennande utviklingsarbeid knytt til oppgåvedeling (TØRN-prosjektet). Målet er at helsefagarbeidarane hos oss skal få nye oppgåver, auka kompetanse og meir ansvar i avdelingane.
Vi har årsturnus på 52 veker med tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg, eller langvakter med arbeid kvar fjerde helg. Ordninga er frivillig.
Har du lyst til å bli ein del av laget vårt og vere med på å skape gode augeblikk for andre? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Delta i det daglege arbeidet slik at tenestene sine arbeidsoppgåver vert utførte på ein smidig og forsvarleg måte
Sikre at det vert gitt fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukaren
Dokumentasjon og oppfølging i tråd med gjeldande rutinar
Medikamenthandtering
Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til godt samarbeid med dei andre einingane
Jobbe kunnskapsbasert
Jobbe for auka fagleg utvikling
Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper og på tvers av avdelingane
Vere ein god rollemodell
Rettleiing av elevar og studentar i praksis
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som helsefagarbeidar
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
Du er omsorgsfull, påliteleg og engasjert
Sjølvstendig og ansvarsbevisst
God på kommunikasjon
Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø
Engasjement for eldreomsorg
Gode samarbeidsevner
Godt humør
Fleksibel
Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillinga
Introduksjonsprogram for nytilsette
Fadderordning
Løn etter utdanning og erfaring
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Moglegheit for fagleg utvikling
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
19.05.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6607451Se här för andra jobb från Fjaler kommune
-
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg
Øygarden kommune
Ågotnes -
Sjukepleiar - 100% vikariat i heimetenesta
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Helgestilling 20% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar eller helsesekretær
Sogndal kommune
LEIKANGER -
Sjukepleiar/vernepleiar 80 % vikariat natt
Øygarden kommune
Skogsvåg