Company
Sogndal kommuneApplication deadline
15.10.2025Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6400592Look here for other jobs from Sogndal kommune
Sogndal kommune
Tiltakskonsulent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogn barnevern er ei interkommunal barnevernsteneste for kommunane Luster, Sogndal og Vik, med hovudkontor i Sogndal. Sogn barnevern har i dag i overkant av 20 årsverk som arbeider for å sikre gode tenester til barn og unge.
Me søkjer no etter ein sjølvstendig og løysingsorientert tiltakskonsulent i 100% fast stilling. Som tiltakskonsulent er du ansvarleg for oppfølging av tiltak kring barn og deira familiar.
Arbeidsoppgåver:
- Endringsfokuserte tiltak.
- Utviklingstøttande tiltak.
- Praktisk bistand og oppfølging.
- Samtale med barn/ungdom.
- Kartleggingar.
- Samarbeid med barnet, familiane, relevant privat nettverk og offentlege instansar.
- Deltaking i ulike møter vedkomande barnet og dei føresette.
Lista er ikkje uttømmande.
Kvalifikasjonar:
- 3-årig universitets- eller høgskuleutdanning, fortrinnsvis sosialfagleg.
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner.
- Førarkort klasse B/automatgir
Me ser etter deg som har :
- Erfaring frå kommunalt og/eller statleg barnevernsarbeid eller tilgrensande tenester/tiltaksarbeid.
- Kompetanse innanfor rettleiing og foreldrestøttande program.
- Nettverksorienterte tilnærmingar.
- Kompetanse i samtaler med barn.
- Minoritetskompetanse.
- Relasjonskompetanse.
- Kompetanse innanfor spe- og småbarn.
- Erfaring i konflikthandtering.
Ferdigheiter innan digitale fagprogram i Visma er ein fordel.
Personlege eigenskapar:
- Fagleg engasjert, analytisk og utviklingsorientert.
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst og løysningsorientert.
- Lojal, fleksibel og relasjonell.
- Samarbeidsevner
- Evne til å samarbeide godt i team og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
- Fokus på tverrfagleg samarbeid.
- Digital kompetanse.
Me vil leggje stor vekt på søkjarane si personlege eignaheit til stillinga.
Me tilbyr:
- Ei meiningsfull rolle der du får moglegheit til å gjere ein vesentleg skilnad i familiane sine liv.
- Eit inkluderande, engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø.
- Lønn etter gjeldande avtaleverk.
- Arbeidstid: Hovudsakleg dagtid, men ein har høve til å vere fleksibel avhengig av oppgåver og behov. Må pårekna noko arbeid på kveld og helg.
- Månadleg rettleiing, jf. strukturert plan for rettleiing.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Spesielle vilkår for stillinga:
- Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
15.10.2025Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6400592Look here for other jobs from Sogndal kommune