Company
Vestnes kommuneApplication deadline
19.10.2020Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlige tjenester og forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6390, VESTNES
VESTNES
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3173091Look here for other jobs from Vestnes kommune
- Updated 29.09.2020
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Vestnes kommune
Undervisningsstilling - inntil 50 % vikariat - Fiksdal skule
Offentlige tjenester og forvaltning
Stillingstype
Vi har behov for lærarvikar i barneskulen frå 02.11.2020 – 12.03.2021, med moglegheiter for vidare engasjement utover våren 2021.
Søkjarar vil bli vurdert og kontakta kort tid etter søknadsfristen er gått ut, med ønske om ei snarleg avklaring.
I søknaden må søkjaren informere om kva dagar og tidspunkt ein kan jobbe, samt kva fag ein ser føre seg å kunne undervise i.
Arbeidsstad og oppgåver
Alle arbeidsoppgåvene er knytt til Fiksdal skule.
Undervisning på barneskulen, i hovudsak uteskule for 1.og 2.klasse, samfunnsfag 6./7.klasse og kroppsøving 1.-7.klasse. Det kan og vere aktuelt med oppgåver knytt til spesialundervisning og tilpassa opplæring.
Kvalifikasjonar
Formelle krav til undervisningsstilling jf. forskrift til opplæringslova
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
Personlege eigenskapar
- fagleg engasjert
- er stabil og fleksibel
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- beherske norsk munnleg og skriftleg og ha gode kommunikasjonsevne. Kravet til språk er minimun bestått språkopplæring på nivå B1/B2
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- tilsette med fagkompetanse som har mindre enn 4 års ansiennitet, får godkjent 4 års ansiennitet
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar kan bli innkalla til samtale eller intervju.
Referanser
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor sendast inn ved oppstart som vikar.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Company
Vestnes kommuneApplication deadline
19.10.2020Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlige tjenester og forvaltningEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6390, VESTNES
VESTNES
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3173091Look here for other jobs from Vestnes kommune
- Updated 29.09.2020