• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    19.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3173091
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 29.09.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Undervisningsstilling - inntil 50 % vikariat - Fiksdal skule

Offentlige tjenester og forvaltning

Stillingstype
Vi har behov for lærarvikar i barneskulen frå 02.11.2020 – 12.03.2021, med moglegheiter for vidare engasjement utover våren 2021.

Søkjarar vil bli vurdert og kontakta kort tid etter søknadsfristen er gått ut, med ønske om ei snarleg avklaring.

I søknaden må søkjaren informere om kva dagar og tidspunkt ein kan jobbe, samt kva fag ein ser føre seg å kunne undervise i.

Arbeidsstad og oppgåver
Alle arbeidsoppgåvene er knytt til Fiksdal skule.
Undervisning på barneskulen, i hovudsak uteskule for 1.og 2.klasse, samfunnsfag 6./7.klasse og kroppsøving 1.-7.klasse. Det kan og vere aktuelt med oppgåver knytt til spesialundervisning og tilpassa opplæring.

Kvalifikasjonar
Formelle krav til undervisningsstilling jf. forskrift til opplæringslova
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne

Personlege eigenskapar
- fagleg engasjert
- er stabil og fleksibel
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- beherske norsk munnleg og skriftleg og ha gode kommunikasjonsevne. Kravet til språk er minimun bestått språkopplæring på nivå B1/B2

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- tilsette med fagkompetanse som har mindre enn 4 års ansiennitet, får godkjent 4 års ansiennitet
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar kan bli innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor sendast inn ved oppstart som vikar.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    19.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3173091
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 29.09.2020