Company
Askvoll kommuneApplication deadline
31.12.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5804593Look here for other jobs from Askvoll kommune
- Updated 03.07.2024
Askvoll kommune
Tilkallingsvikarar og helgevikarar - Omsorgsetaten
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Helse- og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, og vi treng stadig dyktige kollegaer som kan bistå med tenestene til brukarane våre.
Kvalifiserte søkjarar vert kontakta og tilsett fortløpande.
Vi treng stadig vikarar i helgestillingar og stillingar som tilkallingsvikar ved:
- heimetenesta
- bu- og miljøteesta
- sjukeheimen
- institusjonskjøkkenet
- reinhald/praktisk bistand og vaskeri.
Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva eining du ønskjer å jobbe på, evt. om fleire eller alle er av interesse.
Arbeidsoppgåver ved sjukeheimen, bu- og miljøtenesta og heimetenesta:
- Delta i pleie, omsorg- og aktivitetstiltak til pasientar og bebuarar med utgangspunkt i "kva er viktigfor deg?"
- Tilbereding av måltid og arbeide for god ernæring
- Administrasjon av medikament etter kompetanse
- Målretta miljøarbeid
- Bistand til daglege gjeremål
- Motivere til aktivitet, trening og sosialisering
- Dokumentere og rapportere
- Medverke til god informasjonsflyt
- Arbeidstid etter 35,5 t/veke og helg
Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Arbeidsoppgåver ved institusjonskjøkkenet:
- Produksjon av varm og kald mat
- Oppvask og reinhald av kjøkkenet
- Varemottak
- Arbeidstid etter 35,5 t/veke og helg
Arbeidsoppgåver ved reinhald, praktisk bistand og vaskeri:
- Dagleg reinhald ved sjukeheimen og omsorgsbustadar
- Hjelp til reinhald og praktisk bistand i tenestemottakar sin heim
- Arbeid kvardagar på dagtid etter 37,5 t/v
Vi søker deg som
- Er fylt 16 år
- Har fagbrev eller er under utdanning innan helse og omsorg
- Har fagbrev eller er under utdanning innan kokkefaget
- Student ved helse- og velferdsutdanning
- Ynskjer å vere assistent innan pleie, kokkefag, reinhald og vaskeri
- Omsorgsfull, respektfull og opptatt av kva som er viktig for pasient, brukar og pårørande
- God til å kommunisere på norsk, både munnleg og skriftleg
- Fleksibel og god til å samarbeide
- Søkarar til heimetenesta og bu- og miljøtenesta må ha førarkort og kunne disponere bil
- Det er krav om framlagd politiattest før oppstart
Vi oppmodar og aktive pensjonistar som kan tenkje seg å jobbe litt av og til, til å søkje.
Vi tilbyr:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Fagarbeidarar får eiit lokalt tillegg på kr. 10 000 over garantiløn
- Tilsette ved reinhald, praktisk bistand og vaskeri får kr. 8000.- over garantiløn
- Tilsette ved kjøkkenet får kr. 10 000.- over garantiløn
- Eigen lønsstige for studentar
- Pensjonistar vert tilsett på pensjonistvilkår.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Company
Askvoll kommuneApplication deadline
31.12.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5804593Look here for other jobs from Askvoll kommune
- Updated 03.07.2024
-
Kokk - 50% fast stilling på kjøkkenet ved Askvoll omsorgssenter
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Helse- og omsorgtenestene: Stillingar på helg og engasjement som tilkallingsvikar
Surnadal kommune
SURNADAL -
Helsefagarbeidar på natt 100% fast stilling ved Askvoll omsorgssenter - Solstova/Rask
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar 30% fast stilling ved bu- og miljøtenesta - Markatunet
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Miljøterapeut 100% fast stilling ved bu- og miljøtenesta - Markatunet
Askvoll kommune
ASKVOLL