Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
30.04.2027Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6037, EIDSNES
SULA
Antal befattningar
1Karriere-kod
6680199Se här för andra jobb från Sula kommune
Sula kommune
Tilkallingsvikarar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Dei kommunale barnehagane søker tilkallingsvikarar ut året.
Vi søker deg som ønskjer å delta i ein barnehagekvardag med omsorg, leik, undring og læring i lag med aktive og nysgjerrige barn.
Sula Kommune har fire kommunale barnehagar:
Sunde barnehage ligger fint til på Eidsnes og har to avdelingar – 0-3 år og 3-6 år. Barnehage fekk nytt uteområde i 2017 og har ein friluftsprofil.
Måseide barnehage finn de i Mauseidvågen med mark, skog og vatn like i nærleiken. Vi har fire avdelingar- to 0-3 år og to 3-6 år. Vårt satsingsområde er språkmiljø.
Molvær barnehage ligg idyllisk til ved Geilnesfjøra, med sjøen som næraste nabo. Vi har fire avdelingar - to 0-3 og to 3-6 år. Vi er ein Syngande barnehage, og tema for året er: Les, syng og leik med meg.
Langevåg barnehage er ein barnehage med 6 avdelingar som ligg fint til langs molværsvegen i Langevåg. Kom gjerne innom barnehagen for meir informasjon om oss.
Du kan lese meir om alle barnehagane på vår heimeside, under Sula Kommune – Oppvekst og utdanning.
Spesifiser gjerne i søknaden om det er ein eller fleire barnehagar som er aktuelle. Vi tar kontakt med søkare fortløpande.
Kvalifikasjoner:
God norskspråklege ferdigheiter (A2 skriftleg og B1 munnleg)
Politiattest av nyare dato må framleggast ved tilsetting.
Personlige egenskaper:
Du må
- vere ansvarsfull, sjølvstendig og påliteleg.
- like å vere ute.
- ha gode kommunikasjonss og samarbeidsevner
- vere villig og open for å lære
Vi tilbyr:
Kompetente kollega med fokus på kvalitet, endring og utvikling.Godt og inkluderande arbeidsmiljø med høg trivsel.
Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2% innskot til pensjonsordning.
Gode forsikringsvilkår
Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
30.04.2027Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6037, EIDSNES
SULA
Antal befattningar
1Karriere-kod
6680199Se här för andra jobb från Sula kommune