Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
30.04.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5935731Se här för andra jobb från Vestnes kommune
Vestnes kommune
Tilkallingsvikarar
Offentlig forvaltning
Stillingstype
Vi har behov for tilkallingsvikarar både i barneskulen og på SFO, skuleåret 2024-2025.
Søkjarar vil bli fortløpande vurdert og kontakta. Tilkallingsvikarar må i søknaden informere om dei ønskjer å vikariere i undervisning og/eller som assistent og kva dagar og tidspunkt ein kan vere tilkallingsvikar.
- undervisningspersonale/lærarar
- barne- og ungdomsarbeidar/assistent
Arbeidsstad
Undervisning på barneskulen.
Assistentoppgåver i skule og SFO.
Arbeidsoppgåver
Formelle krav til undervisningsstilling jf. forskrift til opplæringslova.
Kvalifikasjonar
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
Personlege eigenskapar
- fagleg engasjert
- er stabil og fleksibel
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- beherske norsk munnleg og skriftleg og ha gode kommunikasjonsevne. Kravet til språk er minimum bestått
språkopplæring på nivå B1/B2.
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærversarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering ved tilsetting i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar kan bli innkalla til samtale eller intervju.
Referanser
Oppgi referansar.
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor sendast inn ved oppstart som tilkallingsvikar.
Søkjarlista kan bli offentliggjort.
Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
30.04.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5935731Se här för andra jobb från Vestnes kommune