• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    16.02.2025
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6044742
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
Vacancy

Sogndal kommune

Tilkallingsvikar miljørettleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kvåle skule er ein 6-10 skule, liggande ved Kvåle stadion tett ved Fosshaugane Campus. Med sine nærare 380 elevar og eit personale på kring 60 tilsette er Kvåle skule ein av dei største skulane i Sogn.

Som tilkallingsvikar i tiltak er du med på å gjere skulekvardagen til elevane så god som mogleg. Dette gjer du ved å følgje enkeltelevar tett, i tiltak eller i klasse. Du samarbeider jamleg med andre tilsette i tiltaket og føresette for å kunne leggje best mogeleg til rette for ein god meiningsfull kvardag for eleven. Om du tenkjer at du kan vera med å gjera ein forskjell for einskildelevar, og dersom du har moglegheit til å stille på kort varsel så er dette jobben for deg.  

 

Det vil frå dags dato bli ledig fylgjande:

Tilkallingsvikar/vikar for miljørettleiar i tiltak

 

Arbeidsoppgåver:

  • Stillinga som tilkallingsvikar er knytt opp til eit einskildtiltak på skulen, du vil arbeide i eit mindre team med rulleringsordning. Arbeidsoppgåvene vil variere etter behovet i tiltaket, og blir utarbeidd i tett dialog med dei andre tilsette i teamet, foreldre og med rettleiing frå eksterne.
     
    Du skal mellom anna:
  • Skape meiningsfylte dagar for einskildelev ved skulen.
  • Rettleie og støtte eleven i sosiale ferdigheiter og leggje til rette for deltaking i daglege aktivitetar
  • Handtere utfordrande åtferd på ein profesjonell og omsorgsfull måte
  • Følgje opp individuelle planar
  • Utføre miljøterapeutiske tiltak saman med øvrig personale
  • Bidra til eit godt skule og arbeidsmiljø     
  • Arbeide for eit godt skule- heim samarbeid til eleven sitt beste  
  • Gi eleven sosial trening og eigenmeistring

 

 Kvalifikasjonar:

  • Først og fremst søker me deg med ei genuin interesse for å arbeide med elevar med samansette hjelpebehov og diagnosar.
  • Inga krav til formell utdanning, men me søker primært etter studentar innan helsefag eller deg med relevant arbeidserfaring.
  • Erfaring frå arbeid med psykisk utviklingshemming, autisme, utfordrande åtferd og arbeid med born vil vere ein fordel.
  • Me har ønskje om å ha personale med ulik bakgrunn og kompetanse som har erfaring rundt elevtiltak knytt til utfordrande åtferd, sosiale utfordringar og andre relevante problemstillingar.
  • Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing. 

Personlege eigenskapar:

  • Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt. Me ser etter personar som tek initiativ, har eit heilskapleg og positivt elevsyn, er roleg i møte med krevjande utfordringar og evnar å arbeide i eit team.

 

Me tilbyr:

Som tilkallingvikar på Kvåle skule kan du vente deg:  

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.  
  • Gode velferdsordningar.  

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    16.02.2025
  • Form of employment
    Fixed contract
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6044742
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune