• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2026
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6520396
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Tilkallingsvikar heimetenesta 2026

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du jobbe i heimetenesta? Vi treng fleire dyktige og engasjerte vikarar!

Helsehjelp i heimen er ei døgnkontinuerleg teneste som gir nødvendig helsehjelp til personar som bur heime. No søker vi helsefagarbeidarar og ufaglærte som ønskjer å jobbe ekstra i heimetenesta.

Kven ser vi etter?

Vi ønskjer kontakt med personar som kan tenkje seg å jobbe:

  • som tilkallingsvikar ved behov
  • som ferievikar

Du må vere sjølvstendig, trygg i møte med menneske og trivast med å jobbe i ein variert og viktig kvardag. Førarkort er eit krav.

Kvalifikasjonar

  • Du må kunne bruke dataverktøy.
  • Du må ha gode norsk­kunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Viktige opplysningar

  • Gyldig politiattest (maks 3 månader gammal) må leggjast fram før oppstart.
  • Vi har løpande tilsetjingar.
  • Attestar og vitnemål skal takast med til intervju. Ansiennitet blir berre rekna ut frå innleverte attestar.
  • I søknadsskjemaet kan du be om at søknaden ikkje blir offentleggjort. Du må då grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar likevel kan bli offentleggjort, jf. offentleglova § 25. Du vil få beskjed på førehand dersom dette blir aktuelt.

Slik sender du søknad

  • Gol kommune nyttar elektronisk søknad. Søknader sendt på papir eller e‑post blir returnerte.
  • Alle søkjarar får kvittering på mottatt søknad dersom rett e‑postadresse er registrert.

 

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2026
  • Ansettelsesform
    Engasjement
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6520396
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune