Company
Vaksdal kommuneApplication deadline
16.04.2023Form of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5073462Look here for other jobs from Vaksdal kommune
- Updated 16.03.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Vaksdal kommune
Tilkallingsvikar/ekstrahjelp ved Kultur og inkludering
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vaksdal kommune ser etter deg som kan tenke deg å vere tilkallingsvikar/ekstrahjelp ved avdelinga Kultur og inkludering. Behovet er tredelt, og me søkjer deg som vil vere ekstrahjelp som badevert ved folkebadet på Dale skule, ved Vaksdal folkebibliotek og ved BUA Vaksdal. Naudsynt opplæring vil bli gitt.
Som badevert vil du alltid arbeide i eit team på to personar.
Er du over 18 år, ansvarsfull og symjedyktig?
I Vaksdal folkebibliotek er det innbyggjarhandsaming og utlån.
I BUA Vaksdal er det behov for avlastning i periodar med mykje aktivitet.
Hovudsakleg vert det arbeid i vekedagar, arbeidstidene er på kveldstid.
Arbeidsstad
- Folkebadet i Vaksdal kommune
- Vaksdal Folkebibliotek
- BUA Vaksdal
Arbeidsoppgåver
- Vera badevert i folkebadet for ulike brukargrupper
- Vera med på å sikre eit trygt og reint folkebad
- Reingjering
- Utlån av bøker til publikum
- Utlån av sport og fritidsutstyr til publikum
Krav til kompetanse
- Søkjar må vera over 18 år
- Du må kunne symje godt
- Ha kurs i livredding eller vera villig til å ta kurs
- Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Ansvarsfull og påliteleg
- Gode samarbeidsevner
- Imøtekomande
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04
Company
Vaksdal kommuneApplication deadline
16.04.2023Form of employment
Fixed contractIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5073462Look here for other jobs from Vaksdal kommune
- Updated 16.03.2023