Company
Sogndal kommuneApplication deadline
08.08.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3947103Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 24.06.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Tenesteleiar for teknisk drift
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal kommune søkjer etter ein tenesteleiar for teknisk drift som brenn for å utvikle framtidas kommune gjennom nyteiknande drift av kommunen sine bygg, anlegg, grøntareal og tekniske tenester. Sogndal kommune ynskjer å vere Utfordrarbygda, og gje gode tenester for innbyggjarane gjennom å samskape med andre, vere open for nye måtar å løyse tenestene på, utvikle gode driftstenester og vere nysgjerrig på dei mogelegheitene som ny teknologi og eit moderne arbeidsliv kan tilføre kommunen på teknisk drift.
Teknisk drift er ein sentral del av organisasjonen med ansvar for både drift og vidareutvikling av kommunalteknisk infrastruktur i Sogndal kommune. Tenesteområdet har ca. 70 årsverk, og har i dag følgjande avdelingar som rapporterer til tenesteleiar teknisk drift:
Bygg og anlegg - eigedom
Reinhald
Veg og parkering
Vatn og avlaup
Me søkjer etter ein leiar som vil utøva leiarrolla på ein måte som skapar tillit, engasjement og motivasjon hos medarbeidarar og samarbeidspartar. Du forstår og blir motivert av den viktige rolla kommunen har i lokalsamfunnet, og praktiserer leiarrolla på ein måte som byggjer godt omdømme for kommunen. Du ynskjer å vere med å skape framtidas kommune ved å utvikle og forbetre tenestene, og ta i bruk nye digitale og nye tekniske løysingar som ein viktig del av dette utviklingsarbeidet. Som tenesteleiar rapporterer du til kommunalsjef for plan og samfunn og deltek i leiargruppa på kommunalsjefområdet.
Arbeidsoppgåver:
Faglig, personalmessig og økonomisk leiing
Langsiktig og strategisk planlegging av tenestene
Kvalitetssikring og kontinuerlig utvikling av tjenesteproduksjon og oppgaveløsning. Ha særskild forkus på digitalisering og nye tekniske løysingar.
Bidra aktivt i utvikling av kommunen si samfunnsutviklarrolle gjennom godt samarbeid og samspill med interne og eksterne samarbeidsparter, samt ha god dialog med innbyggarar og media.
Ansvar for en bærekraftig og sikker drift og utvikling av de kommunale bygg, anlegg og eigedomar
Ansvar for tilstrekkelig kvalitet, kapasitet og sikkerhet på områdene vei, vatn og avløp.
Delta i arbeid med beredskap og krisehandtering.
Ansvar for saker til politiske behandling
Ansvar for investeringsprosjekt er lagt til ei eiga tenesteeining. Tenesteleiar for teknisk drift, eller fagpersonar tenesteleiar peikar ut, vil vere ein samarbeidspart og der det er naturleg inngå i prosjektgrupper i samband med planlegging og gjennomføring av investeringsprosjekt.
Kvalifikasjonar:
Minimum 3-årig relevant høgare utdanning.
Kompetanse og erfaring frå eitt eller fleire av dei kommunaltekniske fagområda, veg, vatn, avløp, anlegg, bygg og eigedomsutvikling/forvaltning
Formell leiarutdanning er ynskjeleg. Erfaring kan erstatte utdanningskravet
God kunnskap om digitale verktøy for forbetring, styring og kommunikasjon.
God forståing av økonomi og økonomistyring
God munnleg og skriftlig framstillingsevne
Førekort klasse B
Personlege eigenskapar:
Arbeidar strukturert og målretta,
Har ein inkluderende leiarstil med god evne til å motivere, delegere og veilede
Er utviklingsorientert og søker endring og forbetring.
Meistrar kontakt med publikum og media.
Me tilbyr:
Ein spanande jobb i eit arbeidsmiljø.
Ein jobb der det er mogeleg å skape gode resultat saman med andre.
Ein jobb der med fridom til å vere innovativ og utvikle tenestene.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Lønn etter avtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
08.08.2021Form of employment
workTime.DagIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
3947103Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 24.06.2021