Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
26.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6010996Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Ål Kommune
Teamleiar til Ål introsenter
Offentlig forvaltning
Det er ledig 100 % fast stilling som teamleiar ved Ål introsenter. Oppstart etter avtale.
Ål introsenter tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap til vaksne elevar frå Ål og Hol kommune. Elevane våre kjem frå mange ulike land og som tilsett hos oss vil du spele ei viktig rolle for språkinnlæring og inkludering i samfunnet.
Vi søkjer ein tydeleg og målretta teamleiar for norskopplæring som set eleven i sentrum og som vil bidra til å vidareutvikle skulen. Som teamleiar vil du arbeide tett med avdelingsleiar.
Ål introsenter er organisert i oppvekstsektoren og held til på Ål kulturhus. Introsenteret har også ansvar for busetting, etablering og inkludering av busette flyktningar i Ål kommune.
Arbeidsoppgåver teamleiar
- ansvar for dagleg drift av skulen i samarbeid med avdelingsleiar
- leie pedagogisk utviklingsarbeid
- initiere, setje i verk og følje opp tiltak innanfor skulens satsingsområde
- arbeide for å styrke skulens profesjonsfellesskap
- kartlegging og inntak av nye elevar
- vere oppdatert på og forvalte gjeldande lovverk, samt fatte vedtak
- ansvar for timeplanlegging, vikarar, årsplanar m.m.
- merkantile/administrative oppgåver
- andre relevante oppgåver
Kvalifikasjonar
- pedagogisk utdanning er eit ønske, men ikkje eit krav
- ønskeleg med erfaring frå vaksenopplæring eller skulesektor
- det er ein fordel med utdanning og/eller erfaring frå leiing og administrasjon
- gode digitale kunnskapar
- god evne til munnleg og skriftleg framstilling
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar. Vi ønskjer at du:
- er sjølvstendig, ansvarsfull og grundig
- er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- har endringsvilje
- har evne til å skape gode relasjonar med vaksne elevar og kollegaer
- trivst i ein digital kvardag
- gjerne vil delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
- har erfaring med og interesse for arbeid med menneske frå ulike kulturar
Vi tilbyr
- spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- eit hyggeleg og engasjert arbeidsmiljø
- ei skule der elevar trivst
- ei avdeling som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
- hjelp til bustad
- lønn etter gjeldande tariffavtale.
Søknad
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen hjå oss som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
26.01.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6010996Se her for andre jobber fra Ål Kommune