Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
01.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6210902Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Teamleiar innan miljøarbeid 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som teamleiar i BPA og delteneste i miljøtenesta. Teamleiar jobbar 40 % med administrative oppgåver og 60 % i turnus med langvakter og medlevarvakter.
Vi søkjer etter ein teamleiar til å ha ansvaret for den daglege drifta i eit BPA og ei delteneste i miljøtenesta. Vi ser etter ein person med kompetanse og erfaring innan leiing og som har kunnskap og kompetanse på miljøterapeutisk arbeid. Arbeidsoppgåver til stillinga vil og vere å følgje opp dei tilsette med opplæring, fagleg støtte og rettleiing for å sikre god og lik praksis i dei brukarretta oppgåvene.
Kan dette vere noko for deg? Då håper vi du tek kontakt med oss for meir informasjon om stillinga.
- fagleg ansvar med oppfølging, tilrettelegging og utvikling av tenester i samsvar med vedtak, retningsliner og lovverk
- personalansvar
- ansvar for utarbeiding av turnus
- fokus på tverrfagleg samarbeid
- legge til rette og fylgje opp fritidsaktivitetar
- bidra til å skape gode kvardagar og yte bistand i daglege gjeremål for brukar
Kvalifikasjonar:
- 3-årig helse, sosial eller pedagogisk høgskuleutdanning
- leiarerfaring
- kompetanse og erfaring knytt til gjeldande lovverk innan helse og omsorg med særskilt vekt på helse- og omsorgstenestelova kap. 9
- Ynskjeleg med kompetanse innan utarbeiding av turnus
- kommuniserer godt både skriftleg og munnleg
- førarkort klasse B
- den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar:
- tydeleg, med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- gode evner til relasjonsbygging er viktig for denne stillinga
- løysingsorientert
- strukturert og fagleg engasjert
- liker fysisk aktivitet og friluftsliv
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr:
- løn etter utdanning og erfaring
- gode pensjonsordningar og rabatterte forsikringar i KLP
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
01.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6210902Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
-
Assistent i Miljøtenesta
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Sjukepleiar i Miljøtenesta 100 % fast stilling
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Helsefagarbeidarar
Sogndal kommune
Balestrand -
Vil du bli vår nye konsulent i tiltaksteamet?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Kjøkkensjef i 100% fast stilling ved Askvoll omsorgssenter
Askvoll kommune
ASKVOLL