• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    01.11.2020
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3227119
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 16.10.2020
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Fjaler kommune

Teamleiar BPA

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Brukarstyrt personleg assistent (BPA) er ein ordning som er særleg tilrettelagt for menneske med omfattande funksjonsnedsetjingar. Ordninga omfattar dei same tenestene som ordinære helse- og omsorgstenester, men slik at brukaren har større innverknad på og kontroll over sin eigen kvardag. Tenesta omfattar hjelp både i og utanfor heimen.

Vi søkjer no etter ein teamleiar som skal ha ansvaret for den daglege drifta i eit BPA. Til det ser vi etter ein dedikert fagperson som har god oversikt over tenester og tiltak, og som skal følgje opp dei tilsette med opplæring, fagleg støtte og rettleiing.

Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du tek kontakt med oss for meir informasjon om stillinga.  

Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar
  • Fagleg arbeid med oppfølging, tilrettelegging og tenester i samsvar med vedtak og lovverk
  • Arbeid delvis i turnus og delvis med administrasjon av tiltaket
  • Samarbeid med ulike samarbeidspartar
  • Nødvendig saksbehandling og administrative oppgåver for tenesta og tilsette

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig høgskuleutdanning som sjukepleiar, vernepleiar, pedagog, sosionom eller tilsvarande 
  • Relevant arbeidserfaring
  • Kjennskap til gjeldande lovverk innan helse og omsorg
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert
  • Strukturert
  • Fagleg engasjert
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjonsordningar
  • Rabatterte forsikringar i KLP

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    01.11.2020
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3227119
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
  • Updated 16.10.2020