• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    01.03.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5551915
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 01.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Styrar i Nordbygdene barnehage

Offentlig forvaltning

Det er ledig 100% fast stilling som styrar i Nordbygdene barnehage frå 05.08.2024. Styrar er fagleg og administrativ leiar for barnehagen og rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekst.

20 % av stillinga er per i dag knytt til arbeid på avdeling.

Nordbygdene barnehage er ein kommunal barnehage med 36 plassar fordelt på to avdelingar. Dei fleste borna som går i barnehagen kjem i frå bygdene Votndalen, Leveld og Vats. Desse tre småbygdene vert tilsaman kalla Nordbygdene.
Barnehagen har vore i drift sidan hausten 1989. Nordbygdene barnehage ligg vegg i vegg med Nordbygdene skule, og har eit tett samarbeid m/skulen når det gjeld uteleikeplass, turområde, bruk av gymsal, symjebasseng og felles personalrom.
Rundt omkring oss har me ei levande bygd med gardsdrift, husdyr og flotte turområde i skogen og på fjellet. På vinteren er me så heldige å ha fleire akebakkar og oppkøyrde skiløyper rundt barnehagen/skulen.
Betre læring er vår lokale oppvekstplan og er ein felles plan for alle einingane i oppvekstsektoren. Hovudsatsinga er for tida «Livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø» med ekstra fokus på styrkebasert tankesett og den gode leiken.

For meir informasjon om Nordbygdene barnehage og barnehagetilbodet i Ål kommune, sjå www.aal.kommune.no

Kvalifikasjonar:

  • pedagogisk utdanning på høgskule-/universitetsnivå
  • gjerne vidareutdanning innan administrasjon eller styrarutdanning
  • leiarerfaring

Arbeidsoppgåver:

  • overordna ansvar for drift av barnehagen
  • personal- og budsjettansvar
  • vidareutvikle barnehagen
  • leie og utvikle det pedagogiske arbeidet
  • vera aktiv deltakar i leiarforumet i kommunen
  • sikre godt foreldresamarbeid
  • samarbeid med rektor og andre tilsette ved Nordbygdene skule
  • samarbeid med nærmiljøet

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.

Det er ynskjeleg at styrar:

  • er framtidsretta og har evne til langsiktig planlegging
  • er oppdatert innanfor barnehagefeltet
  • er resultatorientert
  • har erfaring med og evne til leiing i utviklingsarbeid
  • er ein tydeleg og synleg leiar som har evne til å engasjere, motivere og inspirere til felles innsats
  • har gode samarbeidsevner og kan skape gode relasjonar
  • er fleksibel, har godt humør og trivst med ein travel kvardag med varierte oppgåver
  • har evne og vilje til kommunikasjon og samarbeid med tilsette, føresette og andre samarbeidspartnarar
  • har god formidlingsevne muntleg og skriftleg

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Me tilbyr:

  • ein variert og utfordrande jobb
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne medarbeidarar
  • eit godt etablert tverrfagleg samarbeid
  • eit godt samarbeid mellom barnehagane i kommunen
  • leiarstøtte
  • moglegheit for å ta styrarutdanning
  • god pensjonsordning
  • hjelp til å skaffe bustad
  • løn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månadar
  • intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkomen som søkjar!

 

 

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    01.03.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5551915
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 01.03.2024