Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
08.03.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6540458Se her for andre jobber fra Gol kommune
Gol kommune
Styrar i Gol barnehage – Ny barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gol barnehage søker 100 % fast stilling som styrar frå august 2026 til ny barnehage som opnar januar 2027.
Gol kommune etablerer en heilt ny kommunal barnehage som skal opne i januar 2027. Vi søker derfor ein engasjert, trygg og fagleg sterk styrar som vil vere med frå starten av – og bidra aktivt i planlegginga og førebuingane fram til opning. Styrar vil inngå i leiargruppa i Gol barnehage, og vil arbeide tett med styrargruppa, samt assisterande styrar og tilsette som skal inn i den nye barnehagen.
Gol barnehage er ei felles organisering av Breidokk, Vesterhuset og Herad barnehage – og frå januar 2027 den nye barnehagen vår. Vi er ein utviklingsorientert organisasjon med høgt fagleg fokus, og deltek blant anna i regionale utviklingsprosjekt og Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.
Som del av Gol kommune jobbar vi etter verdiane våre: fellesskap, inkludering, tillit og openheit for å gjere ting på nye måtar. Desse verdiane ligg til grunn for alt utviklingsarbeid i barnehagane våre – og er heilt sentrale i etableringa av ein ny barnehagekultur. Som styrar vil du ha ei nøkkelrolle i å forme eit miljø prega av psykologisk tryggleik, der tilsette tør å stille spørsmål, prøve nytt, feile og lære saman.
INNHALD I STILLINGA:
Styrar er den øvste leiaren til barnehagen og har det overordna ansvaret for den pedagogiske utviklinga og kvaliteten i barnehagen. Rolla inneber ansvar for personalleiing, arbeidsmiljø og kompetanseutvikling, og dessutan administrativ drift og HMS. Styrar skal sikre eit tett og godt samarbeid med foreldre, tilsette og andre tenester, og sørge for at barnehagens arbeid følger gjeldande lover, forskrifter, vedtekter og kommunale føringar.
I perioden frå august 2026 til januar 2027 vil styrer ha ein særleg viktig funksjon i førebuingane til oppstart. Dette inneber både praktisk og pedagogisk planlegging, rekruttering og ta imot nye tilsette, og utvikling av kultur, rutinar og organisering i tett samarbeid med leiargruppa. Styrar skal også sikre god involvering av tilsette og legge til rette for ein trygg og inkluderande oppstartsprosess.
I GOL KOMMUNE FORVENTAR VI AT VÅRE LEIARAR:
- Viser sårbarheit og mot, og er opne for tilbakemeldingar
- Lytter aktivt og bygger relasjonar prega av varme og tilgjengelegheit
- Skaper psykologisk tryggleik, der feil blir sett på som læring
- Legg til rette for samskaping og involvering
- Er tydelege på forventningar, retning og rolleavklaringar
- Bidreg til ein organisasjonskultur der alle kjenner seg sett, høyrt og verdsett
DINE KVALIFIKASJONAR:
- Godkjent barnehagelærerutdanning / relevant pedagogisk utdanning
- Leiarutdanning og leiarerfaring er ein fordel
- Gode digitale ferdigheiter
- Svært gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg
VI ØNSKER OSS EIN STYRER SOM:
- Har ei trygg og tydeleg leiarstil med evne til å skape tillit
- Har eit varmt barnesyn og set barns beste først
- Er profesjonell, reflektert og fagleg sterk
- Bygger gode relasjonar og eit raust, inkluderande arbeidsmiljø
- Er tydeleg, modig og stødig i leiarrolla
- Kan motivere, engasjere og skape utvikling saman med andre
- Har god oversikt og evne til å strukturere, planlegge og koordinere
- Er fleksibel, løysingsorientert og god på samarbeid
- Vil vere ein pådrivar i pedagogisk utviklingsarbeid
- Handterer både roleg drift og oppstartsfasar med mange nye element
- Tar ansvar for å samarbeide med organisasjonane i regelmessige medråderettsmøter
VI KAN TILBY:
- Ei unik moglegheit til å bygge og forme ein ny barnehage
- Eit godt leiarteam og eit profesjonelt læringsfellesskap
- Engasjerte og kompetente kollegaer
- Gode moglegheiter for leiarutvikling
- Tilsetjingsvilkår i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk
- Lønn etter kvalifikasjonar og erfaring
ANNA:
- Menn blir oppfordra til å søke
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
- Politiattest må leggjast fram før tiltreding
- Søkar må leggje fram godkjende kopiar av vitnemål og attestar ved intervju
Søknad:
- Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
- Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
- Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
08.03.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6540458Se her for andre jobber fra Gol kommune