• Företag
    Hå kommune
  • Ansökningstiden
    01.02.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3361199
  • Se här för andra jobb från Hå kommune
  • Uppdaterad 07.01.2021
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Hå kommune

Styrar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Hå kommune har ledig to faste 100% stillingar som styrar i Trekløveren barnehage og Pilevegen barnehage frå 1. 8.2021.

Trekløveren barnehage har i dag vel 6 avdelingar og om lag 100 barn. Desse er fordelt på bygg i Skulegata og Pilevegen. Barnehagebygga ligg sentralt på Varhaug, like ved Varhaug barneskule. 

I kommunestyret si behandling av økonomiplan 2021-2024 vart det vedteke å dele Trekløveren barnehage i to barnehagar, difor søkjer me nå to dyktige styrarar til desse to barnehagane.

 Trekløveren barnehage har eit stabilt og godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse. Barnehagen har god dekning av barnehagelærarar, og barne- og ungdomsarbeidarar. Personalet legg vekt på relasjonskompetanse og har fokus på si eiga rolle. Tryggheit, gode relasjonar, leik, vennskap og språkutvikling pregar Trekløveren barnehage.

 Som styrar vil du leie arbeidet med å vidareutvikle arbeidet i enten Pilevegen (her kjem det ei namneendring) eller i Trekløveren barnehage. Du blir ein del av eit engasjert, kompetent og utviklingsretta styrarkollegium, og får medverke i kommunen sitt utviklingsarbeid.

 Du finn meir informasjon om Trekløveren barnehage på www.ha.no/trekloveren

 

Me ønskjer oss to leiarar som

o har stø kurs og er utviklingsorientert

o kan leie medarbeidarar

o er innstilt på samarbeid

o har evne til å arbeide sjølvstendig

o har gjennomføringsevne

o bidreg til at barnehagen er ein lærande organisasjon

o trivst saman med barn og føresette

o er fleksibel og har godt humør

o bidreg i styrarkollegiet

 

Kvalifikasjonar

o godkjent pedagogisk utdanning

o erfaring frå barnehage

o leiar- og/eller anna relevant etterutdanning er ønskjeleg

o leiarerfaring

 

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.

 

Attester og vitnemål

Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din.

Politiattest
Gyldig politiattest nyere enn tre måneder må leveres før tiltredelse.

Ansettelsesvilkår
Ansettelsen skjer på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysningen, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordninger med ulykkesforsikring i fritiden. Kommunen har prøvetid på 6 måneder og regler for flyttegodtgjørelse. 

 

  • Företag
    Hå kommune
  • Ansökningstiden
    01.02.2021
  • Anställningsform
    workTime.Dag
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    4360, VARHAUG

    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    3361199
  • Se här för andra jobb från Hå kommune
  • Uppdaterad 07.01.2021