Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
31.12.2022Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4641874Se her for andre jobber fra Gol kommune
- Oppdatert 26.05.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Gol kommune
Støttekontakt
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kunne du tenkje deg å bli støttekontakt?
Vi søkjer:
Gol Kommune treng fleire støttekontaktar til å arbeide med barn, ungdom og vaksne med forskjellige funksjonshemmingar og bistandsbehov.
Arbeidet vil først og fremst gå føre seg på ettermiddag/kveld eller i helger. Timetalet kan variere frå cirka 2 timar i veka og oppover. Du får eit sjølvstendig oppdrag der du, og den du gir bistand til, kan avtale tid og stad for aktivitetar.
Bistandsoppgåver:
Bistandsoppgåvene varierer etter kven du er støttekontakt for, og kan vera:
- Bistand til sosial deltaking og fritidsaktivitetar.
- Bistand i trening, sosialt fellesskap og meiningsfull aktivitet for den einskilde
Kvalifikasjonar:
- Du bør vere over 18 år og villig til å forplikte deg over tid
- Gode norskkunnskapar
- Ein av våre brukarar treng deg som kan kommunisere via teiknspråk
- Det er ein fordel om du har sertifikat, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar:
- Du ønsker å vere med på å gjere ein forskjell i andre sitt liv
- Du er nøyaktig og pliktoppfyllande
- Du er ansvarsfull og sjølvstendig
Det vert vektlagt at du er personleg skikka til å vera støttekontakt.
Tildeling av oppdrag skjer fortløpande etter kvart som vi får søknadar frå aktuelle støttekontaktar som kan passe til dei som treng bistand.
For stillinga gjeld:
- Godtgjering etter gjeldande satsar
- Køyregodtgjering
- Utgiftsdekking
Anna:
- Gyldig politiattest må leggjast fram
- I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden
Send søknad:
- Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
- Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
31.12.2022Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4641874Se her for andre jobber fra Gol kommune
- Oppdatert 26.05.2022