Company
Askvoll kommuneApplication deadline
25.09.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5870460Look here for other jobs from Askvoll kommune
- Updated 05.09.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Askvoll kommune
Spesialpedagog/Pedagogisk leiar Gjelsvik barnehage - 80% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
I Gjelsvik barnehage i Askvoll kommune har vi ledig vikariat inntil 80% stilling som spesialpedagog/pedagogisk leiar. Vi treng deg frå snarast, og det er med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver:
- Pedagogisk arbeid i avdelinga
- Rettleie i pedagogiske prosessar og utviklingsarbeid
- Følgje opp barn med trong for tilrettelegging og/eller spesialpedagogisk hjelp
- Planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere arbeid i barnehagen
- Sikre barnehagen som ein god omsorgs- og læringsarena
- Sikre eit godt samarbeid med barn, foreldre, personal og andre samarbeidspartnarar
- Tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter barna sine behov og føresetnader
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning i spesialpedagogikk eller barnehagelærar (søkjarar som har utdanning frå utlandet må leggje ved dokumentasjon på godkjent utdanning i Norge)
- Vidareutdanning i spesialpedagogikk
- Ønskjeleg med erfaring innanfor teiknspråk eller teikn til tale
- Andre søkjarar utan kvalifisert utdanning vert vurdert om vi ikkje får kvalifiserte søkjarar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, minimum tilsvarande krava i barnehagelova §28
- Meistre barnehagen sine digitale verktøy
- Du er open for nytenking og har ferdigheiter innan digitale verktøy
Personlege eigenskapar
- Du har barnet i sentrum, og er ein god rollemodell for barn og medarbeidarar
- Du er fagleg oppdatert, og ein pådrivar i utviklingsarbeid
- Du samarbeider godt med andre
- Du kan jobbe sjølvstendig, og samtidig ha evna til å jobbe i team
- Du er ansvarleg, engasjert, løysingsfokusert og reflektert
- Du er ein inspirator og motivator for å skape eit godt psykososialt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein spennande kvardag i ein trygg og god barnehage
- Samarbeid med dyktige, og erfarne medarbeidarar
- Løn etter avtaleverket
- God pensjonsordning, og ulykkes- gruppe livsforsikring
- Ein barnehage som er opptatt av å gje medarbeidarar ansvar, tillit og høve til på påverke sin eigen kvardag
- Rettleiing for nyutdanna pedagogar (oppfølgjing)
- Som pedagogisk leiar får du eit tillegg på kr. 34 000
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Company
Askvoll kommuneApplication deadline
25.09.2024Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5870460Look here for other jobs from Askvoll kommune
- Updated 05.09.2024